Informasjonsarkitektur for kommuneportalar i Sunnfjord

Rapport
Id:
2007-8

Vestlandsforsking fekk i oppdrag av Førde kommune å leia eit arbeid med utvikling av informasjonsarkitektur (IA) for dei nye kommuneportalane Førde og nabokommunane  skal etablera.

Arbeidet med informasjonsarkitektur er gjort i samarbeid med firmaet Netlife Research, eit firma som har markert seg som eit av dei leiande miljøa i landet på brukarorientert web-utvikling (Usability).

Den føreslegne informasjonsarkitekturen for dei nye portalane er eit resultat av eit grundig og systematisk arbeid som har omfatta avklaring av målsetjingar, kartlegging av eksisterande ressursar, utarbeiding av berande konsept for portalane, utvikling av underliggjande informasjonsstruktur og utvikling av prototypar som basis for portalleverandøren sitt arbeid med utvikling av malar for dei endelege portalane. Arbeidet har vore av iterativ karakter der vi har gått fleire rundar for å fanga opp alle sider og for å sikra at alle moment er avklara. Den interne arbeidsgruppa for prosjektet har vore viktig her.

Prosjektet har konsentrert hovudinnsatsen om to sentrale punkt:

1.    Utvikling av ein gjennomgåande informasjonsstruktur
2.    Bruk av kjernesider som presentasjonsform for viktig informasjon