Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane – Digital kommunikasjon med innbyggjarane

Rapport
Id:
2018-2

Prosjektet «Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane» har arbeida for å få alle kommunane i Sogn og Fjordane til å ta i bruk SvarUt og å få fleire innbyggjarar til å ta i bruk sikker digital post. Prosjektet er delfinansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine fornyingsmidlar. 

Etter avslutta prosjektet har alle kommunane teke i bruk SvarUt som planlagt, og det er gjennomført fleire kampanjar for å få innbyggjarane til å ta i bruk sikker digital post. Kampanjane har ført til ein viss auke i nye brukarar av sikker digital postboks, men framleis er det mindre enn 50 % av innbyggjarane som har teke løysinga i bruk. Det er eit problem å overtyda innbyggjarane om at dei treng ein digital postkasse til brev frå offentleg sektor.