Den immaterielle sida av nettverkssamarbeid

Av:
Artikkel
Utgjevar:
Universitetsforlaget

Artikkel i boka "Immateriell kapital - Fjordantologien 2017".  John Roger Andersen , Eli Bjørhusdal , Jon Gunnar Nesse & Torbjørn Årethun (red.)

Samandrag:

Føremålet med denne artikkelen er å finne verdien av bedrifters nettverksdeltaking ut over det reint opplagde og materielle, som er å tene meir pengar. Vi har kartlagt grunnar til å vere med i nettverk, og drøftar kva implikasjonar dette har for leiinga av nettverket. Vi byggjer på teori om sentrale funksjonar i velfungerande nettverk. Empirien er henta frå fem nettverk: tre maritime nettverk, eitt nettverk innan smarte energimarknader og eitt innan smart velferd. Data er samla inn gjennom intervju med ulike typar aktørar i nettverka. Resultata viser at det kan vere mange ulike grunnar til å vere med i nettverk. Men vi kan trekke ut nokre fellesnemnarar som legitimitetsbygging og mobilisering av sosial og kulturell kapital. Aktørane tillegg slike immaterielle verdiar stor vekt, men har også behov for at verdiane skal materialisere seg i form av økonomisk verdiskaping. Variasjonen i årsakene til medlemskap, og den finurlege balansen mellom immaterielle og materielle verdiar, gjer nettverksleiing til ei øving for personar med engasjement og fingerspisskjensle.