Datasenter-tenester for blokkjedeteknologi

Rapport
Id:
Mai 2020
Utgjevar:
Vestlandsforsking

Innovasjonen Bitcoin i slutten av 2008 markerte starten på ein ny og viktig teknologisk trend i dataverda: Blokkjedeteknologi. Det gjekk mange år før potensialet i den nye teknologien og økonomien vart oppdaga. I dei over 11 åra som har gått sidan Bitcoin som datasystem vart sett i drift, har det vakse fram mange næringar knytt til den og til andre blokkjedeprosjekt.

Ein viktig del av Bitcoin, og andre opne blokkjeder, er tryggleiksmodellen. Den er basert på utføring av omfattande rekneoperasjonar, kalla «Proof of Work». For å få lov til å lagra nye transaksjonar på den stadig veksande blokkjeda, må du visa til eit omfattande arbeid i form av ein matematisk rekneoperasjon. Denne operasjon krev kraftige, spesialiserte datamaskinar og har gitt grunnlag til ei eiga datasenter-næring, i starten konsentrert til Kina.

Frå 2017 skjedde det ei omfattande utflytting av denne aktiviteten, mellom anna også til Norge. Mange eksisterande datasenter fekk førespurnad frå interesserte investorar, og nye datasenter spesialiserte på blokkjedesikring dukka opp. Også Bluefjords AS fekk mange spørsmål frå interesserte aktørar og etablerte etter kvart ei eiga satsing for denne typen tenester. For Bluefjords AS var forretningsmodellen utleige av lokalen med tilgang til store mengder elektrisk kraft i tillegg til ettersyn av maskinar o.l.

Den raske utviklinga av denne typen datasenter-tenester førte også med seg ein del uheldige etableringar, og bokstaveleg tala mykje støy. Det var støyproblem knytt til enkelte datasenter, og tenestene kom i eit uheldig lys. Det førte til slutt til at regjeringa vedtok på ekskludera denne typen tenester frå den gunstige rabatten på el-avgift. Utan den nedsette el-avgifta vart ikkje Norge konkurransedyktige, og tenestene forsvann nærmast over natta. Planlagde etableringar stoppa opp, og investorane flytta til andre land, som Sverige, Danmark og Island.

I dette prosjektet har me gått grundig inn på teknologien bak Bitcoin og tilsvarande blokkjede-system for å forstå grunnlaget for denne typen datasenter-tenester. Det har vore utgangspunktet for vurderingane om alternative satsingar knytte til blokkjedeteknologi.

Det har vist seg at alternative blokkjedesatsingar, utan tilknytt virtuell valuta («kryptovaluta») ikkje kan erstatta bortfallet av aktivitet knytt til blokkjedesikring. Ein hovudgrunn til dette er at blokkjede-teknologien i utgangspunktet har ein desentral arkitektur og at det gir lite meining å plassera ei lukka blokkjede i eitt datasenter. Den må splittast opp på fleire lokasjonar. Ein annan viktig grunn er at sikringsmetodane for lukka, eller kontrollerte, blokkjeder ikkje treng særleg datakraft for å fungera, og dermed er Norge mindre interessant for aktørane.

Dette arbeidet har likevel vore nyttig for å forstå samanhengen mellom norske datasenter og den nye kraftkrevjande industrien knytt til blokkjedesikring, sjølv om det for tida ikkje er aktuelt med alternative blokkjede-tenester. Denne utgreiinga gir eit godt grunnlag for Bluefjords AS til å

Blokkjedeteknologi som datasenternæring side 6

posisjonera seg i tilfelle vedtaket om full el-avgift kan bli omgjort, eller at aktiviteten knytt til kontrollerte blokkjeder aukar i åra framover.

Like etter at denne rapporten var ferdig, kom regjeringa med eit endringsforslag i revidert nasjonal-budsjett1 der det heiter at «Regjeringen foreslår å oppheve Stortingets vedtak om å innføre full elavgift for utvinning av kryptovaluta i store datasentre». Det betyr at utgangspunktet for dette prosjektet ikkje lenger er aktuelt, men innhaldet i rapporten er likevel framleis relevant, kanskje endå meir enn då prosjektet starta.