Best på nett: Sluttrapport frå prosjekt for betre kommunale vevtenester i Sogn og Fjordane

Notat
Id:
2003-7

 

 

Dette er ei oppsummering av prosjektet ”Best på nett”, sett i gang av IT-forum Sogn og Fjordane hausten 2002 for å få alle kommunar i fylket i gang med eiga heimeside og for å betra kvaliteten på dei eksisterande vevtenestene.

Resultatet er at alle kommunane i fylket er på Internett med eigne heimesider og i gjennomsnitt er kvaliteten på vevtenestene betre enn landsgjennomsnittet for kommunane.