Ungdomsbarometer for Sogn og Fjordane

Ungdomsbarometeret for Sogn og Fjordane er ei spørjeundersøking retta mot ungdommane i andre klasse på yrkesførebuande fag, og tredje klasse på studieførebuande fag i Sogn og Fjordane. Undersøkinga har to siktemål. For det første ønskjer vi å samle informasjon og kunnskap om ungdom i Sogn og Fjordane sine tankar og val. Her fokuserer vi særleg på korleis ungdomen i fylket tenkjer kring utdanning, arbeidsliv og attendeflytting. For det andre ønskjer vi at undersøkinga skal bidra til å gje ungdom informasjon om kva ei framtid i fylket kan by på av moglegheiter og utfordringar. Dette skjer dels i sjølve undersøkinga, og dels i formidlinga gjennom Furore-satsinga.

Ungdomsbarometeret er starta opp på andre året, og vil vonleg bli ein informasjonsbase over kva ungdommane i Sogn og Fjordane meiner om fylket og framtida. I år har vi i tillegg valgt å utvide undersøkinga med ein meir kvalitativt orientert studie av Stryn vgs. Siktemålet her er dels å få ei betre og djupare forståing av hovudtrekka i surveyen, og dels å sjå meir spesielt på verknadene av Stryn sine ambisjonar om å utvikle ein entreprenørorientering blant elevane.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sparebanken Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6015
Prosjektmedarbeidarar:
Leiande seniorforskar
Publikasjon(ar):