Prosjektet "Understanding Male Gamers" undersøker påstandar om at ein del av mennene som spelar dataspel, opplever seg som marginaliserte i lys av samfunnet si vektlegging av mangfald. Prosjektet studerer dette i lys av påstandar frå andre delar av samfunnet om mannleg marginalisering. Prosjektgruppa kombinerer maskulinitetsstudiar med spelstudiar og set særleg søkelys på kva rolle identitet spelar når det gjeld korleis desse mennene opplever at endra maskulinitetsideal verkar saman med ein identitet som “gamer”.

Prosjektleiar ved UiB er professor Kristine Jørgensen ved Infomedia.

Prosjektet si nettside

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
I samarbeid med:
Univeristetet i Bergen
Oslo Met
Univeristy of New South Wales
Prosjektnummer:
6665
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar
Aktuelt:
  • Menn som gamar

    Blant menn som spelar dataspel, finst det ein maskulin kultur som står i opposisjon til framveksande krav om mangfald og inkludering. I eit nytt forskingsprosjekt med Universitetet i Bergen skal Vestlandsforsking bidra til større innblikk i korleis denne gruppa ser på seg sjølv og samfunnet.