Substitusjonsprosesser i ferieatferd - panelstudie 1986-1999

Prosjektet er eit tillegg til tidlegare analyse av langtidstrendar i nordmenn sine ferievanar. Formålet med tilleggsløyvinga er å klargjere i kva grad vaksne nordmenn har skifta (substituert) mellom norske og utanlandske feriegoder, og faktorar som påverkar vala. I tillegg fokuserer analysen på nordmenn sine val mellom kommersielle og ikkje-kommersielle goder når dei ferierte i Norge. Analysen er basert på ein panelstudie der 1595 vaksne nordmenn blei intervjua om ferievanane sine hausten 1986 og hausten 1999. Det var same personane som vart intervjua begge åra, og svarprosenten var 80% i 1986 og 1999. I tillegg til å gjere intervju har Statistisk sentralbyrå levert registerdata om inntekt og utdanning for kvar av personane.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
2208
Prosjektleiar: