Semantisk Sognefjord.no
Vestlandsforsking skal i samarbeid med reiselivsnæringa representert ved Visit Sognefjord utvikla neste generasjon av reiselivsvevtenesta Sognefjord.no, basert på bruken av semantiske teknologiar og verktøy frå prosjektet SeSam4.
Prosjektet SeSam4, delvis finansiert av Norges Forskningsråd, har som mål å utvikla semantisk baserte verktøy til små og mellomstore bedrifter for at dei lettare skal kunna ta i bruk den nye teknologien. Resultatet av prosjektet skal demonstrerast i to pilotar; ein reiselivsbasert og ein byggrelatert. Vestlandsforsking vil leia arbeidet med den reiselivsbaserte demonstratoren, og skal i tillegg også bidra i dei andre delane av prosjektet. Som namnet seier, skal reiselivspiloten først og fremst demonstrera bruken av semantisk teknologi.
Utviklinga av ei semantisk basert Sognefjord.no-teneste vil skje i nært samarbeid med Fjord Norge sidan dei er ansvarlege for den tekniske plattforma for Sognefjord.no. Den nye Sognefjord.no vil tena som ei pilotteneste for Fjord Norge og deira underliggande nett-tenester.