Vestlandsforsking er bedt om å leia arbeidet med utvikling av ny informasjonsstruktur for tenesta LivsIT. LivsIT er ei informasjonsteneste der offentleg informasjon blir presentert frå eit mottakarsynspunkt heller enn avsendarsynspunkt. Systemet integrerer statleg informasjon, regional informasjon og kommunal informasjon og alt blir presentert på dei kommunale heimesidene. Arbeidet med ny informasjonsstruktur går parallelt og i tett samarbeid med utvikling av ny teknologisk arkitektur for LivsIT. Det siste blir leia av seniorrådgjevar Endre Grøtnes i Statskonsult.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
norge.no
Prosjektnummer:
5287
Prosjektleiar:
Seniorforskar