Næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane

IT-forum Sogn og Fjordane v/Vestlandsforsking har fått støtte frå Innovasjon Norge, gjennom programmet "Kompetanseutvikling i reigonale næringsmiljø" til etablering av ei IT-utdanning i Sogn og Fjordane. Planen er å utarbeida grunnlaget for eit bachelor-studium i IT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Utviklinga av studiet skal skje i tett samarbeid med både HiSF og det IT-baserte næringslivet i fylket. Det skal også utviklast etter- og vidareutdanningskurs innan IT særleg retta mot næringslivet. Vestlandsforsking skal leia prosjektet.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Innovasjon Norge
Prosjektnummer:
6403
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Aktuelt:
  • Aktuelt
    ""

    Det nye IT-studiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Førde, vart opna i går i samband med oppstart av det nye studieåret. Rundt 25 studentar har valt å studera informasjonsteknologi ved det nyoppretta bachelor-studiet.