Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane
Korleis integrerer offentleg/privat sektor innvandrarar gjennom digitale tenester og i arbeidslivet? Forskingsprosjektet 'Mot eit multikulturelt fellesskap i Sogn og Fjordane', skal sjå nærare på problemstillinga.
Saman med HiSF har Vestlandsforsking fått midlar til det første forskingsprosjekt her i fylket som skal sjå nærare på korleis ein betre kan lykkast med å integrere innvandrarar.
Presentasjon av prosjektet
Sogn og Fjordane har over tid vore eit netto utflyttingsfylke. Dei siste åra har folketalet likevel vore stabilt, mykje på grunn av eit aukande tal innvandrarar. Samstundes veit vi at meir enn halvparten av innvandrarane forlèt fylket og Vestlandet. I eit fylke med mange små kommunar prega av fråflytting og verksemder som står utan stabil tilgang på både høgt utdanna og fagarbeidar, er dette ei stor utfordring. Samstundes som det er vanskeleg for innvandrar å gjere seg kjende med den offentlege informasjonen på nett, veit vi lite om kva type informasjon innvandrarane faktisk etterspør. Skreddarsydd informasjon for innvandrarar er mangelvare, mykje informasjon finst berre på norsk og i tillegg er den offentlege informasjonen ofte spreidd over fleire nettsider.
Om prosjektet
Gjennom prosjektet skal vi hente informasjon om korleis kommunane legg til rette for digital informasjon, digitale tenester og arbeidsmarknadsrelaterte introduksjonsprogram for innvandrarane. Fire kommunar, Bremanger, Flora, Hyllestad og Sogndal deltek i undersøkinga. Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskingsfond (RFF) og regionale utviklingsmidlar (RUP-midlar), samt eigeninnsats frå involverte partar. Prosjektet er retta mot kommunane og offentleg sektor elles, som Fylkeskommunen, Fylkesmannen og NAV, men privatoffentlege arbeidsintegrasjonsinitiativ vert og studerte, som Global Future.
Mål for prosjektet
Prosjektet skal :
1) Skaffe kunnskap om korleis kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og NAV i Sogn og Fjordane legg til rette for integrering av innvandrarar, spesielt gjennom introduksjonsprogram og bruk av ikt og elektroniske medium.
2) Identifisere utfordringar og kome med framlegg til korleis offentleg sektor, åleine eller saman med privat sektor, kan legge til rette for auka bruk av ikt til informasjon, tenester, introduksjonsprogram og tiltak med det mål å auke innvandrarane sin medverknad i samfunns- og arbeidsliv.
3) Utvikle og etablere gode modellar på digitale informasjonstenester/program/tiltak for innvandrarar i Sogn og Fjordane samt vurdere om det kan vere aktuelt å utvikle ein digital fylkesdekkande innvandrarportal.
4) Sikre kompetanseheving og mobilisering av offentleg og privat sektor, slik at desse i større grad legg til rette for og marknadsfører informasjon og tenester for innvandrarar på deira eige språk, eventuelt engelsk.
Eit langsiktig mål for prosjektet er at innvandrarar gjennom tilrettelegging av regional digital informasjon og digitale tenester, og arbeidsmarknadsrelaterte integrasjonsprogram, skal bli betre integrert og meir synlege i lokalsamfunnet. Slik vil dei også involvere og engasjere seg i lokaldemokrati og nærmiljø. Lukkast Sogn og Fjordane med si integrering av innvandrarar vil truleg fleire bli verande i fylket.
Samarbeidspartnarar
KS Sogn og Fjordane
Vestlandsforsking
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Forskarne
- Grete Netteland, (prosjektleiar) Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Carol Azunga Dragela, Vestlandsforsking
- Ingjerd Skogseid, Vestlandsforsking