Kultur og natur som konkurransekraft på vegen mot ei berekraftig reiselivsdestinasjon

Stormhyttene på Lykling og garden Gullvegen Gardstun er eit prosjekt som skal kombinere berekraftig nyskapning, lokal historie, tradisjon og opplevingsbasert turisme i naturskjønne omgjevnader. Garden ligg som ein sterk aktør og partner til Unesco Geopark Sunnhordland, med geo-lokalitetane Gullgruvene og klebersteinbrotet på Lykling som ligg på garden. Me har som mål å utvikla dette prosjektet og garden til eit levande og attraktive attraktivt reisemål, og potensielt ein reiselivsdestinasjon, der gjestene ikkje berre får ei overnatting, men også ei djupt forankra oppleving av lokal kultur og natur. For å legga eit solid fundament for vidare utvikling, søker me forskingsstøtte. Me treng fagleg innsikt i berekraftige løysingar innan opplevingsdesign, korleis me kan forlengja opphalda til gjestene våre utover éi natt, og korleis bruke Unesco Geopark Sunnhordland i konseptualiseringa og formidlinga i vidare utvikling. Derfor vil me jobba med forskar til låns frå Vestlandsforsking, som har brei ekspertise innan forsking på berekraftig reiseliv. Forskaren vil gjennomføra følgjande aktivitetar:

- synfaring på garden og Stormhyttene, og innsamling av kunnskap om lokalhistorie og omgjevnader

- basert på synfaringa, identifisering av behov, moglegheiter og hindringar for berekraftig utvikling av turisttilbodet

- presentasjon av relevant forskingsbasert kunnskap, som byr på aktuelle løysingar

- utvikling av ein handlingsplan for vidare forskingsarbeid/prosjekt for opplevingar som skal forsterka gjestenes ynskje om å bli lengre på garden og regionen. Dette skal byggje på lokalhistorie, natur og autentiske opplevingar

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
I samarbeid med:
Gullvegen Stormhytter AS
Prosjektnummer:
6698
Prosjektleiar:
Seniorforskar og EU-rådgjevar