Vestlandsforsking skal gjennomføra eit næringsretta strategisk instituttprogram for å utvikle kunnskap om e-handel og elektronisk samarbeid i distriktsbaserte små og mellomstore bedrifter. Programmet skal legge vekt på å kombinere tre viktige kunnskapsområde med relevans for bedrifter:

- Kvalitet og kvalitetskriteria for e-handelsløysingar

- IKT-basert samhandling i bedriftene sine verdikjeder

- Regionale innovasjonssystem.

Samspelet mellom desse tre områda er grunnlaget for å utvikle eit heilskapleg strategisk kunnskapsområde som ikkje blir dekka av andre miljø i dag og skal bidra til å vidareutvikle Vestlandsforsking sitt samarbeid med næringslivet. Den heilskaplege tilnærminga skal validerast gjennom å studere praktiske utviklingsprosessar innafor matproduksjon og energisektoren.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
5217