Legitimitet og regional konkurransekraft. Lærdomar frå seks europeiske nettverk
Føremålet med dette kapittelet er å drøfte korleis oppbygging av legitimitet i nettverk kan bidra til sterkare regional konkurransekraft. Nettverk er her forstått som samarbeid mellom grupper av aktørar, som til dømes trippel heliks-samarbeid mellom næringsliv, akademia og det offentlege. Det å ha legitimitet inneber å bli sosialt akseptert innan relevante omgivnader. Dette har nær samanheng med å ha tillit, omdøme og respekt. Korleis eit nettverk blir oppfatta, både i omverda og blant eigne medlemer, vil kunne påverke måloppnåinga i nettverket positivt og negativt, alt ettersom. Det er derfor viktig å studere nærare korleis nettverk kan bygge opp legitimitet både internt og eksternt. Ut frå institusjonell teori og teoriar om strategisk legitimitetsbygging har vi laga ein analysemodell som blir brukt på seks europeiske typedøme henta frå Interreg-prosjektet P-IRIS. Døma er frå Italia, Slovenia og Spania. Prosjektpartnarane i dei respektive landa stod for datainnsamlinga. Det vart brukt same intervjuguide overalt, og forfattarane har vore med på å utforme spørsmåla som dannar grunnlag for kapittelet. Resultata viser både døme på god praksis og flaskehalsar i legitimitetsbygging, og vi drøftar implikasjonar for utvikling av regional konkurransekraft både gjennom praktisk nettverksarbeid og offentleg politikk retta mot nettverk.