Den 24. oktober arrangerte Vestlandsforsking i samarbeid med Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen eit seminar om usikkerheit og klimatilpassing. På seminaret deltok forskarar frå ulike fagområde og representantar for nasjonal, regional og lokal forvaltning.
Statsråd Kristin Halvorsen besøkte måndag 5. november Vestlandsforsking. I løpet av ein knapp time diskuterte vi dei regionale forskingsinstitutta si rolle i brukarnær og andvendt forsking.
Utviklinga av den semantiske web-en har gått frå ei ekstrem retning (overfokus på ontologiar) til den stikk motsette: lenka data nesten utan semantisk informasjon.
Vestlandsforsking arrangerer i dag (26.10.12) seminar om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den nye offensiven frå Forskingsrådet på dette området er ein viktig bakgrunn.
Turistane har fått nye opplevingar grunna betre samarbeid mellom frukt- og bærnæringa og reiselivet på Vestlandet. Vestlandsforsking har evaluert tilbodet frå 40 hagebruksbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Vestlandsforsking har laga eit notat med ein kortfatta og oppdatert oversikt over kva lover og reglar som gjeld innafor klimatilpassing i kommunal infrastruktur og korleis ansvarsforholda er mellom kommune, stat og eventuelle andre aktørar i dag.
Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking i Sogndal er den første norske forskaren som blir professor på temaet berekraftig utvikling. Aall er frå 1 august 2012 gjesteprofessor/professor II i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet Herning, Danmark. Der skal han arbeide med temaet klimaomstilling i det nordiske Centre of Excellence ”NORD-Star”. Aall held fram i full stilling som forskingsleiar ved Vestlandsforsking.
Livssituasjonar som scenario for evaluering av offentlege digitale tenester er eit svært aktuelt tema i EU. I Norge derimot, er det overraskande lite interesse for denne måten å sjå tenester i samanheng på. Kan det skuldast mangel på reell brukarorientering?
Transport av gods er ei viktig kjelde til utslepp av klimagassar. Er det mogeleg å bruke mindre diesel, redusere utslepp og samstundes frakte like mykje gods like langt?
I Vestlandsforsking sine analyser av reiselivet sin berekraft- og klimapåverknad kjem det fram at interkontinentale flyreiser og cruise-turisme har eit høgt energiforbruk og CO2 utslepp per personkilometer samanlikna med andre ferieformer. Ofte får vi reaksjonar på slike analyser i form av ” … vil dere forby fly og cruise dere da?” eller ”er det bedre at turistene reiser til Sverige og Finland i stedet?”
I dag presenterar Vestlandsforsking saman med forskarnettverket for verdsarv i Norden sine forskingsresultat i Suomenlinna, Finland. Kristian Sveels frå Åbo Akademiet står for presentasjonen på vegne av forskarnettverket.
Den 16. IT-forumkonferansen er akkurat avslutta, og mellom mange gode presentasjonar festa eg meg ved Kristin Lyng, Meteorologisk institutt, som fortalde om instituttet sin politikk for opne data.