Konferansen som blei gjennomført i Sogndal 25. – 27. mai vart ein stor suksess. Trass oskesky og flyproblem kom det 85 forskarar frå 26 land til konferansen.
Vestlandsforsking ved forskingsleiar Carlo Aall, og Høgskulen i Oslo ved professor Karl Georg Høyer deltok som assosierte partnarar under opninga av The Nordic Centre of Excellence NORD-STAR (Nordic Strategic Adaptation Research).
Vestlandsforsking i Sogndal er vert for den første internasjonale konferansen om
Web Intelligence, Mining and Semantics (WIMS'11) på Quality Hotel Sogndal
25.-27. mai 2011.
Forskingssenter for berekraftig reiseliv har nettopp avslutta prosjektet ARENA Innovativ Fjordturisme (no NCE) som er gjennomført i løpet av dei siste tre åra.
Digi.no melder at Narvik kommune tek steget inn i nettskya ved å velja Google sine verktøy for gruppevare (e-post, kalender m.m.). Det er ei interessant utvikling som også reiser ein del prinsipielle spørsmål.
Geir Liavåg Strand frå Sandane forsvarar 6. mai 2011 kl 13.15 doktorgraden sin (PhD) på Institutt for Industriell Økonomi og Teknologiledelse ved NTNU.
I ein kronikk i forskning.no stiller forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om vi har tid til å vente på teknologiske tiltak retta inn mot å redusere utslepp frå produksjon - av typen fullskala CO2-rensing på Mongstad - eller om vi i staden må satse på tiltak retta inn mot å redusere utslepp frå forbruket vårt.
”Privacy is gone, get over it” – personvern er forbi, det er berre å innsjå. Dette har vore uttalt av mange, men med innføringa av DLD er ein ny, stor spikar slått inn i personvern-kista.
Vestlandsforsking er i jamn og god fagleg utvikling, seier styreleiar Knut M.Olsen etter at årsrekneskap og årsmelding for 2010 er behandla i styret. År for år har forskarane auka forskingsaktiviteten og levert fleire vitskaplege publikasjonar, som er målestokken for kvalitet og aktivitet på forskingsarbeidet.
Avisa Firda har trykt ein serie artiklar basert på arbeidet i prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”. Artiklane rettar merksemd på næringsliv og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.
IT forum Sogn og Fjordane v/Breibandforum arrangerer i samarbeid med KRD/SD konferansen "Neste generasjons breiband - for heile Norge" på Gardermoen 4. april.
Felles IKT-utvikling i kommunal sektor - Utfordringer og muligheter med IKT-styring og IKT-samarbeid. Det er tittelen på ein rapport frå Devoteam daVinci bestilt av ei arbeidsgruppe for samordning av IKT-utviklinga i kommunal sektor og samarbeid mellom kommunal og statleg sektor. Rapporten blir her gjennomgått med kritiske auge fordi den etter mitt syn ikkje tek omsyn til viktige prinsipp for lokalt sjølvstyre.