Ledige forskarstillingar innan klimaomstilling

Kunne du tenke deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan desse stillingane i Sogndal vere noko for deg.

Foto
Som forskar i Sogndal bur du midt i eit fantastisk landskap og kan bruke naturen både som laboratorium og tumleplass. Biletet er frå fjellet Storehogen like ved Sogndal. (Foto: Bård Basberg)

Vestlandsforsking har stor aktivitet på området klimaomstilling og ønsker å tilsette ein til to forskarar som forskar II (med doktorgrad) eller forskar III (utan doktorgrad). Dersom to blir tilsette, vil ei av stillingane vere fast og den andre mellombels.

Forskarane vil vere ein del av forskingsgruppa for klima og miljø og kan bli kopla til det nyetablerte forskingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing). Senteret har som mål å styrke samfunnet si evne til klimatilpassing og rettar seg både mot privat og offentleg sektor. Arbeidet inneber difor kontakt med verksemder og aktørar som på ulike måtar må tilpasse seg klimaendringane, og arbeidsoppgåvene kan til dømes omfatte formidling og rettleiing i tillegg til tradisjonell forskingsaktivitet.

Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, klimatilpassing, energiomstilling, industriell økologi, berekraftig transport og forbruk.

Foto
Vestlandsforsking er ein del av Campus Sogndal. Foto: Falkeblikk

Du bør ha ei fagleg hovudforankring innan samfunnsfag og det er ønskeleg med relevant arbeidserfaring frå offentleg eller privat verksemd. Du bør ha kompetanse på kvantitativ metode og gjerne erfaring med kvalitativ metode. Søkarar med relevant doktorgrad, forskarerfaring eller anna relevant arbeidserfaring frå feltet vil bli føretrekte.

Du må trivast med oppdragsforsking og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Vi legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men òg gjennomføringsevne og arbeidskapasitet. I tillegg er det viktig at du er god til å formulere deg skriftleg og muntleg, både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med om lag 30 forskarar frå fag som statsvitskap, samfunnsgeografi, økonomi og naturvitskap. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå og tilbyr fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og andre velferdsordningar.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar på e-post til: post@vestforsk.no

Finn kode:190994618

Søknadsfrist: 30. september 2020

For nærare informasjon om stillingane, ta kontakt med:

Vi ser fram til å høyre frå deg!


Open søknad

Vestlandsforsking har mange prosjekt på gong og søker stadig etter nye, dyktige forskarar. Har du interesse og bakgrunn frå våre fagområde, send gjerne ein open søknad med CV til post@vestforsk.no.

Les om trainee-ordninga til Framtidsfylket dersom du er interessert i å starte karrieren din i ei verksemd i Vestland.


Foto
Sommarfest på Ytre Eikjo i Luster, juni 2020. (Foto: Kyrre Groven)

Om forskargjerninga ved Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt som utfører forskingsoppdrag på tre område: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Dei tilsette har stort ansvar for fagfelta sine og får høve til å drive aktivt forskingsarbeid frå første dag.

Forskingsoppdraga er ulike både når det gjeld tema og mål, oppdragsgjevarar og samarbeidspartar og kor lenge prosjekta varer. Arbeidet spenner frå internasjonale konferansar til rapportskriving og datainnsamling, og det gjer Vestlandsforsking til ein dynamisk og givande plass å jobbe.

I Sogndal er det kort avstand til flotte fjell, snø og fine fjordarmar som mange nyttar til fotturar, skikøyring, klatring, padling, sykling og anna friluftsliv. Kommunen har eit godt kulturtilbod. Studentane ved Høgskulen på Vestlandet set sitt preg på staden store delar av året. Sogndal har eit mangfaldig næringsliv og fleire offentlege verksemder, noko som gjer Sogn til ein attraktiv bu- og arbeidsregion.

Vestlandsforsking held til på Campus Sogndal i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap.