Kunne du tenke deg å jobbe hjå oss?

Teltopning med person og sol i horisonten
Med Sogndal som arbeidsstad har du kort veg til nydelege turområde. Foto: Morten Hagen

Er du interessert i eitt eller fleire av forskingsområda våre og har lyst til å bli forskar hjå Vetlandsforsking?

Send oss gjerne ein open søknad.

 

Sosial samling på benk i sommarvêr ved grøn fjord med fjell bak
Sommarfest på Ytre Eikjo. Foto: Kyrre Groven

 

 

Om Vestlandsforsking

Vestlandsforsking i Sogndal er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv, offentleg og sivil sektor. Vi er 37 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag.