Halvor Dannevig med i ekspertutval om klimaendringar
Forskingsleiar Halvor Dannevig er utnemnd til medlem av regjeringa sitt ekspertutval for samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringar i Noreg.
Hovedoppgåva for utvalet vert å utgreie og talfeste samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringar, og å berekne kostnader og nytte ved ulike tilpassingstiltak. Utvalet skal òg bidra til å utvikle indikatorer som kan nyttast til å gjere enklare og betre vurderingar av kostnader og nytte ved tilpasningstiltak. I tillegg skal ekspertutvalet, kome med tilrådingar om korleis styresmakter og andre kan førebyggje negative konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn.
Bakgrunnen for å oppnemne utvalet er stortingsmeldinga om klimatilpassing, som kom i 2023. Utvalet startar sitt arbeid i haust og skal halde fram i to år. Utvalet er leia av samfunnsøkonom Ingrid Hjort ved BI. Vidare deltek Atle Harby frå SINTEF, Kine J. Aurland-Bredesen ved NMBU, Gunn-Britt Retter frå Samerådet, Asgeir Sorteberg frå Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret og Kristine Grimsrud fra Statistisk Sentralbyrå.
Utvalet skal arbeide med tema som lenge har vore prioriterte forskningsfelt hos Vestlandsforsking, og som no er organisert i Norsk senter for bærekraftig klimatilpassing (NORADAPT). Utvalsmedlem Halvor Dannevig har forska på klimatilpasning sidan 2008, og han var med å utarbeide kunnskapsgrunnlaget for den første NOUen om klimatilpasning i 2010. Han har og skrive doktorgrad om innføringa av klimatilpassing som eit politikk- og forvaltningsområde i Noreg, og har leia fleire større forskningsprosjekt om klimatilpassing. Halvor har arbeidd mest med vilkår for å få til klimatilpasning på lokalt nivå, og med korleis ein kombinerer vitskapleg og lokal kunnskap for tilpassing og klimatilpassing i nordområda.