Ny reiselivs-NOU tek klimakrisa alvorleg

kajakk gudvangen
Då reiselivsstrategien fram mot 2030 vart lagt fram i 2021, var tittelen "Sterke inntrykk med små avtrykk". Også NOU-en som vart lagt fram 30. mars 2023 legg stor vekt på berekraft. (Foto: Unsplash)

– Reiselivet er den første sektoren som får eit nasjonalt styringsdokument som tek klimaomstilling på alvor, seier leiande seniorforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking. Reisemålsutvalet la 30. mars fram ein ny NOU med forslag til korleis reiselivet her til lands bør utvikle seg.

Under leiing av tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande, har utvalet sidan juli 2021 jobba med å skissere kva dei meiner er den rette utviklinga for norsk reiseliv framover. I NOU 2023:10, Leve og oppleve: Reisemål for en bærekraftig framtid, som vart lagt fram 30. mars, skriv utvalet mellom anna at det er “krevende å håndtere volumvekst i reiselivsnæringen samtidig med en bærekraftig utvikling”.

Forskar og mann
Langt på veg ein grensesprengande NOU, meiner leiande seniorforskar Carlo Aall (Foto: Falkeblikk)

– Dette er langt på veg grensesprengande, seier Carlo Aall, leiande seniorforskar innan klima og miljø ved Vestlandsforsking. Som ein mangeårig kritikar av vekstparadigmet, altså at hovudmålet i reiselivet skal vere stigande besøkstal, er han glad for at Reisemålsutvalet vågar å utfordre det rådande tankesettet. Utvalet tek til orde for å "gå bort fra et vekstparadigme hvor økende besøkstall er et hovedmål, til måle reiselivets suksess ut fra de positive effektene som reiselivet bidrar til».

Utvalet peiker på at det såleis er vel så viktig at reiselivet “bidrar til å beskytte og gjenoppbygge miljøet, naturen og kulturarven”.

Reise mindre

Mykje av problemet ligg i transporten til og frå reisemåla, og utvalet skriv i klartekst at ei berekraftig utvikling av næringa vil krevje ein kraftig reduksjon i utslepp frå transport. Det kan ifølgje utvalet anten skje gjennom grøne transportformer, kortare reiser eller færre reiser. 

“Hvorvidt disse endringene bidrar til mer eller mindre reiseliv, er ikke opplagt”, står det i NOU-rapporten.

Gjere meir?

Framtidas turistar skal ikkje berre reise mindre, dei skal også gjere meir når dei først er på tur. Kulturhistorikar og turismeforskar Agnes Brudvik Engeset applauderer at utvalet ikkje berre peikar på reduksjon av til dømes klimagassutslepp for å få til ei berekraftig utvikling av reisemåla. Frå no av skal besøkande også bidra til å styrke lokalsamfunnet, med alt frå å plukke bos og rydde strender til å støtte opp om lokale initiativ som hevar livskvaliteten til dei fastbuande innbyggarane. 

– Det vert spennande å sjå korleis slike tankar kan praktiserast i norsk reiseliv, seier Engeset. 

Må tole konkursar

Ikkje alle bedrifter let seg omstille til lågare utslepp utan vidare. Men NOU-en er tydeleg på at klimaomstiling må til, uansett om det fører til fleire konkursar. Dette er nye takter, innafor reiselivet så vel som i andre næringar, seier Aall, og trekker fram denne klare formuleringa:

«De delene av dagens næring som ikke evner å omstille seg i bærekraftig retning, vil i det lange løp ikke ha livets rett. For aktørene det gjelder vil det være krevende, men utvalget mener at det ikke er grunnlag for å beskytte virksomheter som ikke klarer å møte fremtidens krav til bærekraft».

Forskar og kvinne
Seniorforskar Agnes B. Engeset er nøgd med signala Reisemålsutvalet gir i den ferske NOU-rapporten. (Foto: Falkeblikk)

– Dette er klare ord. NOU-en peiker tydeleg i retning av eit annleis reiseliv, seier Aall.

Lokalt fokus

Dei lokale skilnadane rundt om kring i reisemåla er noko utvalet tek omsyn til. Kommunane skal, anten kvar for seg eller i lag, lage planar for reisemålsutvikling. 

– Eg er glad for at utvalet koplar reisemålsutvikling til det å utvikle lokalsamfunna, seier Engeset. Ho meiner dette høver som hand i hanske med tankegangen “Ein god stad å bu er ein god stad å besøke”.

– Det betyr òg at reiselivet ikkje er noko som berre angår eit fåtal. Det angår i grunnen alle, fordi det handlar om å utvikle bygda di eller bydelen din, seier ho.   

Større ansvar til kommunane

Reisemålsutvalet vil gje kommunane eit større ansvar enn i dag for å sikre at dei norske reisemåla utviklar seg i berekraftig retning, mellom anna ved å innlemme besøksforvaltning i lokal samfunns- og reisemålsutvikling. Finansiering kan kommunar hente frå turistskatten ved å vise fram ein plan for reisemålsutvikling, seier utvalet. 

Aall meiner samtidig det er avgjerande at kommunane og staten tek grep saman.

Stavkyrkje
Forsking har vist at kulturturistar har ei overraskande grøn side, og NOU-en kunne med fordel ha omtalt kultur på ein litt breiare måte, meiner Agnes B. Engeset. (Foto: Unsplash)

– Det uføret verdsarv-destinasjonane no har kome i, der dei åleine må lukke fjordane for utslepp, medan det er fritt fram for utslepp i nabofjordar utanom verdsarvområdet og havstrekninga til og frå Noreg, er ikkje måten å få til ei god omstilling på, understrekar han. 

– Ein stat som ikkje vågar å setje ned foten for alle utslepp frå cruiseskip, men i staden deler ut svarteper til enkelte destinasjonar, er ikkje ein god medspelar.

Kulturbasert turisme gløymt i klimaomstillinga?

Medan omsynet til klima og miljø går att som ein raud tråd i NOU-en, blir kultur omtalt litt snevert. 

– Det er gledeleg at utvalet anerkjenner at dei fleste turistar som reiser i Noreg, ser kultur som ein viktig del av ferien sin. Dei kunne likevel ha gått lengre i å få fram samanhengen mellom kulturbasert turisme og klima og miljø, meiner Agnes Brudvik Engeset.

– Forskinga vår viser at besøkande som er interesserte i kulturopplevingar, også er opptekne av klima og miljø. Dei er meir villige enn andre til å ta miljøvenlege val, forklarer Engeset. Dei som går på museum, besøker stavkyrkjer eller kjøper lokalmat med seg heim, er altså meir opptekne enn andre turistar av å velje miljøvenleg transport, handle lokalt eller rett og slett reise kortare og mindre. 

– Kulturturisme er med andre ord ikkje berre bra for lommeboka, men også for miljøet, seier ho.