Tek opp klimaendringar gjennom scenekunst

Photo
A complex, distant phenomenon such as climate change may perhaps be examined, approached, and understood through experiencing weather. This idea constitutes the basis for "Talking in the Rain", a show co-created by social scientist Ragnhild Freng Dale at Western Norway Research Institute and two performance arts companies.

I samarbeid med to scenekunstkompani har klimaforskar Ragnhild Freng Dale ved Vestlandsforsking bidrege til å skape ei framsyning om klimaendringar. Denne veka er det premiere, som del av ein festival i Helsinki.

Kan vi eigentleg fatte klima? Og klimaendringar? Det er så stort, så overordna og så vidt i tid og rom. Vêr, derimot, kan vi menneske ein del om. Kulde, varme og vatn – det føler vi på kroppane våre.

Dermed vart det vêr forskaren og scenekunstnarane samla seg om til då dei innleia sitt livs mest tverrfaglege samarbeid, eit møte mellom kunst og forsking som har som mål å ta opp klimaendringar gjennom scenekunst.

I god forskarånd har prosjektet søkt midlar frå Forskingsrådet og laga eit kortnamn eller akronym det går an å hugse. På dei fleste andre punkt skil prosjektet seg ut.

Vil ikkje belære

I eit års tid har Ragnhild med jamne mellomrom møtt skodespelarar frå Ferske Scener i Tromsø og frå Reality Research Center i Helsinki for å skape framsyninga som denne veka har premiere i Helsinki, som del av scenekunstfestivalen Moving in November.

Foto
Ragnhild Freng Dale

Kva har det finske publikummet i vente?

Dels handlar det om å hjelpe folk med å begripe kva som ligg i at «klimaet endrar seg», gjennom å snakke om vêret – kvardagsforma av det mindre handgripelege fenomenet klima.

Framsyninga er interaktiv; skodespelarane inviterer altså publikum til å oppleve og dele sanseopplevingar av vêr og klima.

– Det grunnleggande som alle involverte – skodespelarar, forskarar og publikum – har til felles, er at vi opplever vêr og klima gjennom sansane våre og kroppen vår. Vi prøver å skape ei kjensle av fellesskap, ein setting der vi er likestilte, utdjupar Kristin Bjørn frå Ferske Scener.

For kanskje er det ikkje nok for oss å høyre ekspertar snakke om det som skjer og vil komme til å skje med klimaet på jorda?

– Dette er ikkje noko belærande framsyning – heller utforskande – og eit samarbeid mellom kunst og forsking. Framsyninga skal ikkje illustrere forsking. Ho byggjer på forsking, men er òg utforskande på sine eigne premiss, seier Ragnhild.

Sette ord på uro

«Kva føler de, de som veit alt dette om klimaendringane?» Det nakne spørsmålet frå skodespelar og kunstnerisk leiar Bernt Bjørn i scenekunstkompaniet Ferske Scener kom bardus på. Det var ein vanleg måndag på Vestlandsforsking; forskarane på klima- og miljøfeltet var samla til gruppemøte rundt eit ovalt bord med kvar sin laptop og kaffikopp.

Skodespelaren, som hospiterte ved instiuttet den veka, såg forventningsfullt på flokken etter å ha høyrt om eit vidt spenn av forskingstema og problemstillingar. No var det noko anna han spurde om.

Den eine forskaren etter den andre tok ordet og fortalde om uro, framtidsfrykt, frustrasjon og nostalgi.

Foto

 

Foto
Hawaii møter Lofoten. Skodespelar Bernt Bjørn frå Ferske Scener.

Det blei eit spesielt og annleis gruppemøte der laptopane fekk stå urørte og folk lytta nøye. For ingen hadde i grunnen spurt om noko slikt før, og få hadde sagt slike ting høgt.

– Eg fekk mange fine tilbakemeldingar etter det møtet, seier Ragnhild.

– Det er nettopp dette scenekunsten kan: å opne dei samtaleromma vi andre ikkje veit om eller greier å opne, legg ho til.

Har laga stykket saman

Når dei har møttest for å skape scenekunst, har deltakarane lånt arbeidsmåtar både frå forsking og kunst. Hud har møtt vatn, og kulde. Gåsehud er blitt lokka fram og fotografert. Raude eple frå Sogndal har sust gjennom lufta, som då «Talking in the Rain. An Entertaining Show about the Weather» hadde si aller første framføring i Sogndal. Det har òg vore ei framsyning i Hammerfest. Improvisasjon og tilpassing til staden er viktige stikkord.

I alt dette har forskaren arbeidd tett med resten av laget, både i den kreative prosessen og som fagkonsulent på alt som har med klima og forsking å gjere. Når framsyninga har premiere i Helsinki denne veka, har ho i tillegg ei av rollene – som seg sjølv, forskaren.

Livslangt forhold til scenekunst

At ho kom på å innleie eit slikt samarbeid, har bakgrunn i at Ragnhild – parallelt med studiar og forsking –har jobba med scenekunst, både som regiassistent, konsulent og teaterkritikar.

– Eg har hatt ein relasjon til teaterfeltet heile livet, men profesjonelt i ca. 10 år, fortel Ragnhild. I 2019 hadde ho eit arbeidsstipend frå Kulturrådet for å drive med teaterkritikk.

Likevel, korleis oppstår eit slikt samarbeid? Driv ikkje ein forskarar først og fremst med forsking?

– Eg hadde jo tenkt på å få til eit samarbeid med scenekunstmiljø, og fekk med meg Ferske Scener i å søke om klimakommunikasjonsmidlar frå Forskingsrådet. Dei var faktisk alt i gang med å tenke på eit prosjekt som passa perfekt til søknadsordninga, seier Dale.

Premiere på Zoom

I bygardar og hus rundt om i Helsinki, blir det denne veka ringt på døra til alle som har tinga billett til «Talking in the Rain». Publikum vil få utlevert ei pakke, og den må dei sitje klar med når dei skal sjå – og delta – i framsyninga. Den har premiere 5. november, og skal spelast fram til 14. november.

Foto
Pandemien gjorde etter kvart Zoom til eit viktig element i samarbeidet. Skjermdump frå eitt av prosjektmøta.

– Kan du røpe kva det er i denne pakka?

– Eg kan avsløre at det er eit knippe gjenstandar som tilskodarane skal ha liggande når dei ser stykket på Zoom – for det er der premieren går føre seg, smiler Ragnhild.

Medan publikum sit trygt i si eiga stove, vil skodespelarane komme til dei via skjermen. Nokre av dei skal bevege seg rundt utandørs, andre skal delta frå ei leilegheit i byen.

Har du hatt møte på Zoom, ser du sikkert for deg samlinga av små firkantar på skjermen, der dei som til ei kvar tid er i aksjon, blir viste med den største ruta. Her nyttar scenekunstnarane Zoom som "stad" til fulle – dei leikar med det dei kan, og gir tilskodarane instruksjonar om korleis dei skal få mest mogleg ut av opplevinga.

Ein del av tida vil dei vere usynlege og uhøyrlege for kvarandre. Men om dei vil, kjem også tilskodarane til å få tre inn i framsyninga og ta del i fellesskapet med dei andre som er til stades. Kva som då skal skje, er like hemmeleg som innhaldet i pakka, men publikum skal få prøve seg på å oppleve vêret – heime i si eiga stove.

– Dette skal sjølvsagt skje på ein måte folk opplever som triveleg og trygg, understrekar Ragnhild.

Foto

 

Har oppdaga at folk gjerne vil vite

Etter kvart som pandemien fekk land etter land til å stenge ned i vår, måtte òg det finsk-norske teamet lære seg å verdsetje nettet som arena for samarbeid. Også når dei i teorien kunne ha møtt kvarandre, gjorde kravet om karantene at ikkje alle kunne reise til Helsinki.

Med tida har dei funne seg til rette med nettet som stad.

– Prosjektet vårt skulle uansett ha eit visst innslag av digital deltaking. Koronaviruset har gjort nettet fullstendig bestemmande. Men slik er det jo i våre dagar, at nettet er ein plass der vi er saman – det digitale er blitt ein stad, forklarer Ragnhild.

Ho tek òg med seg noko anna nytt tilbake til forskarjobben: større medvit om korleis ho snakkar, ordlegg seg og framstår når ho møter folk utanfor akademia.

– Eg vil jo at kunnskap skal vere tilgjengeleg òg for andre enn forskarar. Det har vore fint å erfare at kunnskapen vi har er noko folk vil vite meir om, seier ho.

– Scenekunst når eit anna publikum enn dei som kjem og høyrer på konferansar og seminar, og samarbeidet i dette prosjektet har gitt meg eit ønske om å utforske dette meir.

 

Les blogginnlegget "Out of the swimming pool into the world online" av skodespelar Topi Kohonen