Fjordkonferansen 2020 tek for seg stadutvikling
Fleire forskarar frå Vestlandsforsking legg fram forskingsresultat og refleksjonar rundt stadutvikling når Fjordkonferansen går på lufta 12. november 2020. Vestlandsforsking er òg medarrangør av den sju år gamle, regionale konferansen.
Konferansen har sidan 2013 vore ein akademisk møteplass der forskarar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane kan legge fram forsking for kvarandre og få resultata sine publiserte.
Frå Vestlandsforsking presenterte forskarane Øyvind Heimset Larsen, Kyrre Groven og Agnes B. Engeset kvar sine innlegg knytt til stadutvikling. Anna Maria Urbaniak-Brekke og Karen R. Moberg er medforfattarar til på artiklane som blir publisert i Fjordantologien i ettertid.
Fjordkonferansen er digital i 2020 på grunn av koronapandemien. Konferansedagen er 12. november 2020.
Om temaet - stadutvikling
Å utvikle levande bygder og byar er komplekse prosessar som blant anna består av sosiale relasjonar, kulturell praksis, kapitalflyt og -akkumulasjon, entreprenørskap og nettverk. Ansvarlege stader er levande og pulserande, og må balansere interessa til ulike aktørar. Tilgang til arbeid, utdanning, offentlege tenester, varer, kulturarv, tilreisande, kulturelle- og fysiske aktivitetar, osv. er sentrale faktorar for å få dette til. Ansvarleg utvikling av byar og bygder og nære naturområde er stadig meir utfordrande som følgje av dei samfunnsendringane som globalisering, folkevekst og teknologi gir. Vi oppmuntrar difor til nye løysingar, gjerne ved bruk av nye metodar og/eller ved å nytte nye perspektiv eller nye kombinasjonar av perspektiv. Bidraget kan vere innanfor eitt av dei fire temaa nemnde nedanfor, eller i ein open kategori knytt til stad og stadutvikling.
1. Filosofi, identitet og mobilitet
Staden vår definerer oss, styrkjer oss og utfordrar oss. Nokre stader vert hugsa som del av kven vi er, andre er vi på besøk hos som turistar eller utforskarar, atter andre flyttar vi til eller frå. Stader bidreg til vår identitet og vi bidreg til staden sin identitet slik natur, kultur og samfunn gjer. Stader vert laga, endra, utvikla og øydelagde. Vi oppmuntrar her spesielt til bidrag som ser på stadutvikling enten frå eit stadfilosofisk perspektiv eller ved å studere identitet (inkludert kultur og historie) eller mobilitet.
2. Leiing, marknadsføring og økonomi
Stader kan forbetrast gjennom aktiv leiing der ein tek omsyn til særpreget og dei ulike interessentane, og ved å koordinere erfaringar og ressursane til både den private, offentlege og frivillige sektoren. Korleis ein stad utviklar seg, vil også påverke næringslivet, og næringslivet kan påverke stadutvikling gjennom tilgang på arbeidsplassar eller gjennom sitt samfunnsengasjement. Stadig fleire stader brukar difor marknadsføring aktivt for å vekke interesse hos turistar, næringsaktørar og potensielle «tilflyttarar». Vi oppmuntrar her spesielt til bidrag som ser på stadutvikling frå eit leiings- (inkludert destinasjonsleiing), økonomisk (inkludert sektorspesifikke utfordringar, entreprenørskap og verdiskaping) eller finansielt perspektiv (inkludert entreprenørars tilgang til kapital).
3. Helse, trivsel og læring
Helse, trivsel og tilgang på utdanning kan påverke stader og korleis dei utviklar seg. Ulike stader kan ha ulik tilgang til helsetenester, men dei kan også ha ulike fortrinn og utfordringar knytt til helse (inkludert eldrebølge og livsstilssjukdommar). Mobilitet og turisme kan også gjere at stader må endre sine helse- og opplæringstenester på kort eller lengre sikt. Vi oppmuntrar her spesielt til bidrag som ser på stadutvikling med utgangspunkt i utdanning (inkludert situert pedagogikk), geografi eller folkehelse (inkludert helseøkonomi).
4. Samfunn og miljø
Stadar, samfunn og miljø påverkar kvarandre gjensidig, og korleis vi planlegg utvikling av stadar grip inn i prosessar med potensielt store konsekvensar for menneske og miljø. Døme på slike er fortetting og byspreiing, byfornying og sentrumsdød, utvikling av oppvekstmiljø, inkludering, klimaomstilling, jordvern og bevaring av biologisk mangfald. Vi oppmuntrar her spesielt til bidrag som ser på stadutvikling frå eit samfunnsfagleg (inkludert politisk)-, juridisk- eller miljøperspektiv.
5. Andre tema
Bidrag innanfor andre tema knytt til stadutvikling enn dei som er nemnde i punkta 1-4.