Forska på "flyskamlause" kjendisar

Stefan Gøssling

Medan omgrep som "flyskam" spreier seg mellom folk flest, viser ny forsking at ein veksande global elite flyg mange tusen gonger meir enn gjennomsnittet. Professor Stefan Gössling har henta inn reisedata frå ti av dei største kjendisane sine sosiale media og rekna ut klimakonsekvensar.

Aller mest flaug Bill Gates, som var årsak til utslepp av 1600 tonn CO2. Paris Hilton og Jennifer Lopez hadde ansvar for 1260 tonn og 1050 tonn. Minst av dei utvalde kjendisane flaug Emma Watson, med 15 tonn CO2.
– Samanlikna med dei 100 årlege kilo resten av folk i verda i snitt står for, er dette enorme mengder, seier forskar Stefan Gössling. Han peikar på at kjendisane sin manglande flyskam kan påverke eit globalt publikum.
– Storsamfunnet må uansett ta på alvor ei utvikling der ei lita gruppe drive opp utslippsnivåa ved ein energi-intensiv livstil og at dei står for ein stor og veksande del av samla utslepp, seier Gössling. 

Paris Hilton (illustrasjonsbilde)
Faksimile frå forsking.no

Viktig eller unødvendig?

Stefan Gössling har også leia forsking som viser korleis unge folk vurderer flyreiser dei har gjort frå "svært viktig" til "heilt unødvendig". Han viser til at kjendisar er ekstra sterke førebilete i denne gruppa, det er difor dei blir brukt i reklame, men også når det gjeld forbruk og klima-avtrykk har dei stor påverkingsmakt.

– Når kjendisar før poserte framom sine private jetfly, ga det ein klår reklameverdi for til dømes den konkrete flyprodusenten. Dersom ein kjendis i dag poserer på same måte, vil han eller ho meir fremja og legitimera sjølve forbruksvara ei flyreise er, og terskelen for å fly kan bli lågare for publikum også, seier han.

Flynekt som varemerke

Men forskaren finn også motsett trend.
– Vi gjorde ei undersøking på Facebook i 2016, og konkluderte med at ein stor del av oppdateringane handla om reiser og at mykje reising ga status. Ingen snakka om negative klimaverknader, seier han. No i 2019 meiner han at valet mellom å fly eller ikkje å fly er i ferd med å bli eit viktig "varemerke" for stadig fleire kjendisar.
– Å velje bort fly som transportmiddel er ein ganske ny sosial norm. Tidlegare fanst debatten mellom nokre få individ eller idealistar, men rollemodellar som Greta Thunberg og den svenske idrettsprofilen Björn Ferry har skapt ein aukande samfunnsdebatt langt utanfor heimlandet deira, seier Gössling.

Paris Hilton og et fly. faksimile
Faksimile fra sciencenorway.no

 

Den vitskaplege artikkelen kan lesast og lastast ned her.