"Aha-opplevingar" for ikt-pedagogar

Konferansedeltakarar ser på skjerm

175 skulefolk frå heile fylket fekk mange svar då IT-forum inviterte til konferanse i Loen 12.-13 november. Kan ein god digital studieteknikk eliminere eller marginalisere ulike lærevanskar? Korleis kan teknologi auke inkluderinga? Korleis kan eit fysisk opplevingsspel kombinere element frå dataspelverda og verkelegheita til ei både lærerik og spanande oppleving?

– Denne konferansen handlar ikkje berre om passivt konsum av kunnskap. Deltakarane var svært aktive, dei fekk sjølv teste ut verktøya dei eventuelt skal lære elevane å bruke, fortel Øyvind Heimset Larsen frå IT-forumsekretariatet/Vestlandsforsking.

Deltakarane kunne til dømes få prøvd å lage video med mobilen sin, teste ulik programvare som gjer tale om til tekst, eller dei lærde å programmerte ein liten robot. 

Styret på scenen
Arrangørgruppa fekk gode tilbakemeldingar. Øyvind Heimset Larsen frå IT-forumsekretariatet/Vestlandsforsking til høgre.

Aktivitet og "Escaperoom" 

Tema for denne årlege samlinga var god digital studieteknikk, med dei gode døma og fagfornying. På agendaen står teknologi og læring - også for dei minste. Både lokale ressursar og nasjonalt profilerte innleiarar og deltok med brei og ulik erfaring. Ein av dei som merkar seg positivt ut i evalueringa deltakarane gjorde etter konferansen, er Magnus Nohr frå Høgskolen i Østfold. Hans bidrag er også det Mari Gunhildrud vil framheve som spesielt matnyttige. Ho er lærar og medlem ikt-nettverksgruppa i den nye storkommunen Sogndal og vart også begeistra over heilt nye utfordingar. 

Vinnarar på scenen
Mari Gunhildrud frå Trudvang skule (ytst til høgre) vann "Escaperoom"-konkurransen saman med kollega Mina Mendes.

– Sjølve introduksjonen var veldig kort, så skulle vi deltakarar sjølve løyse oppgåver i eit såkalla "Escaperoom"- opplegg. Ein kan godt kalle dette ein aha-oppleving, eg vart inspirert til å leggje opp til at også mine elevar får meir aktivitet inn i læringa. Å finne ut av ting og løyse problem sjølv er god læring, seier Gunhildrud. Ho er svært nøgd med konferansen generelt. På spørsmål om ønskje for neste konferanse nemner ho meir fokus på konkrete operativsystem/plattformer.
– Eigne arrangement med innføringar for oss som brukar Microsoft Office hadde vore fint, eventuelt også for dei som har andre utgangspunkt, seier ho.

Unikt samarbeid 

It-forum oppvekst og utdanning er eit unikt samarbeid på tvers av skuleslag, også i nasjonal samanheng. Sidan 2006 har ein arbeidd med å finna gode løysingar for digitalt samarbeid og samspel på tvers av alle skulesteg i fylket. ITFOU består av ressurspersonar innan ikt frå alle regionråda, fylkeskommunen, Fylkesmannen i Vestland, Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. It-forum samarbeider med KS Sogn og Fjordane sitt skule og barnehageutval og den årlege konferansen er ein viktig arena for å dele gode erfaringar og døme.

Om IT-forum: IT-forum Sogn og Fjordane, etablert i 1995, vart 18.oktober 2019 til IT-forum Vest. Foreininga sitt føremål er å arbeide gjennom eit breitt samarbeid for sikre at lokale og regionale miljø er i fremste rekke i å nytte informasjonsteknologi i næringsliv, offentleg sektor, opplæring, utdanning og forsking. IT-forum initierer, samordnar og sikrar felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen.