Verdien av urørt natur for reiselivet

""
Ramnaberg i Luster. Foto: Torkjel K. Solbraa

Ei kartlegging av reiselivsinteresser i ferdig behandla konsesjonssaker viser at reiseliv i liten grad blir tematisert. Rapporten gir råd til vidare arbeid.

Aktuelt

Verdisetting av det naturbaserte reiselivet

Bakgrunnen for forskingsprosjektet er eit ønskje frå reiselivsinteresser om utforsking av metodar for å få fram verdiane i det naturbaserte reiselivet i samband med utbyggingar i norsk natur, for eksempel ved kraftutbygging. Berre frå dei fire vestlandsfylka ligg det per desember 2017 litt over 150 saker knytt til energiutbygging og tiltak i vassdrag til behandling hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Frå same geografiske område er det over 2300 ferdigbehandla saker. Sjølv om mange saker får avslag og enkelte planar ikkje blir realiserte, vitnar desse tala om at det allereie er utført, og at det kjem til å bli utført, utbyggingar i naturområde som er av stor verdi for norsk reiselivsnæring.

Stor merksemd

Rapporten om verdsetting av reiseliv i utbyggingssaker som Vestlandsforsking utarbeida på vegne av NCE Tourism våren 2018 har fått merksemd fleire stader den siste tida. 

Prosjektleiar Torkjel Solbraa vart henta inn til Heiplansamliga i Åseral 5. september for å snakke om tematikken. Heiplansamlinga blir arrangert som ein politisk, fagleg og sosial møteplass for alle som spelar ei rolle for utviklinga og forvaltinga av Setesdalsheiane. Tema for årets samling var kunnskap og verdiskaping. Her er lenke til samlinga og presentasjonen til Torkjel Solbraa: http://www.vaf.no/aktuelt/vellykket-heiplansamling-i-aaseral/ 

Torkjel hadde også ein velbesøkt lunsjpresentasjon om same tema 13. september hjå FUS Sogn (Kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv) https://www.fussogn.no/blogg/mange-ville-vite-meir-om-korleis-naturen-kan-verdsetjast

NCE Tourism og DNT hadde 10. september eit møte med Olje- og Energiministeren med utgangspunkt i rapporten. Fleire av vurderingane og konklusjonane i frå rapporten vart vidareformidla direkte til ministeren: http://www.ncetourism.com/mote-med-olje-og-energiminister-kjell-borge-freiberg-verdsetting-av-urort-natur-for-reiselivet/

Reiseliv blir i liten grad tematisert

Granskinga av korleis reiselivsinteresser kjem til syne i konsesjonssaker viser at reiseliv i liten grad blir tematisert. Ein sannsynleg grunn til dette er at reiselivet manglar metodar for å fange opp konsesjonssakene. Argumentasjon om reiselivsaktivitet er det ofte andre enn reiselivsaktørane som har, deriblant Fylkesmannen, Fylkeskommunen, kommune og lokale turlag.

Eit anna funn er at det verkar vanskeleg, både for tiltakshavar og i høyringsuttalar, å vurdere potensialet for framtidig reiselivsaktivitet, eller endringar i Fjord-Norge sitt image som resultat av utbyggingar i norsk natur. I den grad reiseliv blir utgreidd av tiltakshavar, er det ved å vise til eksisterande aktivitet.

I rapporten vert det skilt mellom vindkraftsaker, større vasskraftsaker og små kraftsaker. Reiselivsinteressene er meir synlege i større vasskraftsaker og vindkraftsaker, og mindre i dei små. Det er også i liten grad peika på sum-verknader av mange små utbyggingar frå reiselivets side.

Gi råd til vidare arbeid

Rapporten gir råd om prioritering av vidare arbeid. Den er utarbeida av Vestlandsforsking på oppdrag frå NCE Tourism Fjord Norway.

Du finn rapporten her: https://www.vestforsk.no/nn/publication/verdsetting-av-naturbasert-reiseliv