Oppstartsmøte - «Verknader av klimaendringar på norsk naturbasert reiseliv»

""
Foto: Halvor Dannevig

Onsdag 21.februar inviterte Vestlandsforsking til oppstartsmøte i prosjektet «Virkninger av klimaendringer på norsk naturbasert reiseliv» i Sogndal. Forskingsmiljø og brukarpartnarar samla seg for å diskutere kva utfordringar eit endra klima vil by på for ulike reiselivsaktivitetar.

Aktuelt

Naturbasert reiseliv utsett

Fjellsport og skiturisme er viktige delar av det naturbaserte reiselivet. Her er snøfattige vintrar den openberre trusselen, men generelt er det naturbaserte reiselivet utsett for følgjer av klimaendringane. Dette er utgangspunktet for forskingsprosjektet. Eit sentralt forskingsspørsmål blir altså korleis reiselivet som heilskap og enkeltbedrifter kan tilpasse seg endringane som kjem i åra eller tiåra framover, både for å unngå tap og skade på liv og helse.


Reiselivet er med

Det er sjeldan det er blitt gjort ein så tematisk brei studie der ein koplar saman det meteorologar og klimaforskarar veit om utviklinga i klimaet med kunnskapen biologar, økologar og samfunnsforskarar kan byggje basert på framskrivingane deira. Nokre av verdas fremste forskarar på feltet klima og reiseliv er med i forskingsprosjektet, som samtidig involverer mange frå reiselivsnæringa – i hovudsak opplevingsbedrifter og reisemålsselskap i Nord-Noreg og på Vestlandet. Lokalt og regionalt er Flåm AS, Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og reisemål Hardanger Fjord med. Fylkeskommunane deltek òg.

I det vidare arbeidet i prosjektet vil vi m.a. konkretisere og sjå på kva aktivitetar som skal undersøkast, kva for aktørar som er sentrale innafor desse aktivitetane og kva klimavariablar som er relevant for aktivitetane.  Dette vil skje i dialog mellom destinasjonale og forskarane.

 

Program oppstartsmøte

10:00: Opningshelsing av nestleiar i hovudutval for næring og kultur Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Jakob Andre Sandal.

10.15: Om prosjektet, Vestlandsforsking ved Carlo Aall.

10:30: Erfaringar frå tidlegare prosjekt om samproduksjon av kunnskap mellom klimaforskarar og brukarar, Vestlandsforsking ved Halvor Dannevig

11:00: Kva utfordringar kan klimaendringar føre til for mitt reiselivsprodukt? Erfaringar og kunnskapsbehov hos brukarane

  • Reisemål Hardangerfjord ved Hans Jørgen Andersen
  • Destinasjon Lofoten ved Elisabeth Dreyer
  • DNT ved Anne Mari Aamelfot Hjelle

12:00: Lunsj

13:00: Klimaframskrivingar og reiselivet, Meteorologisk Institutt og Uni Research ved Inger Hanssen-Bauer og Stephanie Mayer.

  • Kva slags type data og tenester kan Norsk Klimaservicesenter levere til reiselivet?
  • Diskusjon: korleis kan næringa bruke denne kunnskapen?

13:45: Drøfting om innretting av de lokale case i prosjektet

14:45: Arbeidsprogram for brukarane første halvår, Vestlandsforsking ved Eivind Brendehaug.

Ope møte på Fjellsportfestivalen

15:00: Vegkart for reiselivet – mot eit berekraftig reiseliv, DNT ved Anne Mari Aamelfot Hjelle

15:30: Korleis kan reiselivet tilpasse seg eit endra klima? Vestlandsforsking ved Ida Marie Gildestad

16:00: Pause

16:15: Klimaendringar og fjellsport, Meteorologisk Institutt og Uni Research ved Inger Hanssen-Bauer og Stephanie Mayer

16:45: Slutt.