Europeisk toppmøte om informatikk

""
Panelet som diskuterte informatikkutdanning - frå venstre: Gianfranco Basti, Hilde G. Corneliussen, Michael E. Caspersen og Georgi Dimitrov.

Korleis kan ein få «alle» med i strategien «Informatics for All»? Det var tema for panelet som Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking deltok i ved «The 14th European Computer Science Summit (ECSS 2018)» i Gøteborg denne veka.

Under det årlege toppmøtet «European Computer Science Summit» samlast leiarar og beslutningstakarar innan informatikkforsking og -utdanning i Europa for å diskutere strategiske tema og trendar relatert til forsking, utdanning og politikk. Tysdag denne veka deltok Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking i eit panel om informatikk i utdanning ved «The 14th European Computer Science Summit» (ECSS 2018) i Gøteborg.

I panel under toppmøtet

Panelet som Corneliussen deltok i vart leia av Michael E. Caspersen frå IT-vest networking universities i Danmark. Deltakarane diskuterte det nyleg publiserte strategidokumentet frå Informatics Europe og ACM-Europe med tittelen «Informatics for All». Det var særleg utfordringa med å rekruttere studentar til informatikkfag frå andre fakultet enn dei naturvitskapelege og teknologiske fakulteta som vart diskutert.

Dei europeiske landa rekrutterer langt fleire mannlege studentar enn kvinnelege til informatikk-utdanningar. Corneliussen tok utgangspunkt i eit historisk perspektiv for å peike på ei av dei mest sentrale utfordringane med "Informatics for All", nemleg å klare å inkludere alle, også kvinner.

Dei andre deltakarane i panelet var Georgi Dimitrov fra EU-kommisjonen sitt Generaldirektorat for utdanning og kultur. Han informerte om EU sine perspektiv på utdanning på det digitale feltet. Eit av måla i "Informatics for All" er å innføre informatikk i grunnskulen, og Dimitrov peika særleg på utfordringa med å finne fagleg kvalifiserte lærarar til denne oppgåva – ein utfordring ein finn på tvers av dei europeiske landa. Gianfranco Basti, professor i filosofi ved Pontifical Lateran University (Vatican City), framheva filosofien si rolle i å forstå teknologi. Basti understreka at IT har ein så stor innverknad på samfunnet, at IT-utviklinga ikkje kan overlatast til teknologar aleine.

The 14th European Computer Science Summit (ECSS 2018)

“The 14th European Computer Science Summit (ECSS 2018)” med hovudtemaet "Informatics, Transforms and Renews» vart arrangert i Göteborg i Sverige 8.-10. oktober 2018. Toppmøtet blei organisert av Institutt for data- og informasjonsteknikk ved Chalmers tekniske høgskule og Göteborgs universitet. Les meir om ECSS 2018 her: http://www.informatics-europe.org/ecss/program/conference-program.html

Hilde G. Corneliussen sin kronikk i Forsking.no, med et historisk blikk på kvinner i IT: https://forskning.no/2018/06/hvem-hadde-trodd-programmering-skulle-bli-noe-menn