Tryggare turisme til fjells

"Trolltunga"
Foto: Idun A. Husabø

Trolltunga, Preikestolen og Kjerag trekkjer fleire hundre tusen menneske til fjells. Det skapar nye problemstillingar for lokalsamfunna, mellom anna når det gjeld tryggleik.

Aktuelt

Trolltunga i Hardanger og Preikestolen og Kjerag i Lysefjorden er mellom dei mest besøkte turmåla i den norske fjellheimen. Men mange av dei som legg i veg, treng hjelp for å kome seg trygt tilbake til sivilisasjonen. I 2016 var det over 40 redningsaksjonar i Trolltunga-området.

Vestlandsforsking har fått midlar frå Regionalt Forskningsfond Vestlandet (RFFVEST) til å forske på korleis tryggleiken på desse turmåla kan bli betre. Forskinga skjer i nært samarbeid med lokale redningsaktørar og destinasjonsselskap. Odda kommune fekk sommaren 2017 prøvd ut ei fjellvaktordning som gav lovande resultat. I prosjektet Vestlandsforsking er i gang med, skal forskarane evaluere slike tryggleikstiltak. Saman med dei lokale aktørane vil det òg bli utvikla andre tiltak som kan bidra til å redusere talet på unødvendige redningsaksjonar.

Sjå også oppslag i Hordaland Folkeblad 01.11.2017: Forskar på tryggleik