Stinn brakke når IT-forum satsar på skule og barnehage

""
Tre i arbeidsgruppa, Grete Netteland (bak), Bente Forfang, Randi Scheflo, IT-forum OU 2014 i Førde

Korleis fremje språkutvikling gjennom IKT? Korleis få koding inn i skulen? IT-forum samlar krefter frå fylket og nabofylka til konferanse om bruk av IKT i oppvekst og utdanning 22.-23. november.

Konferanse

Målet med samlinga «IT-forum oppvekst og utdanning» (ITFOU) er å dele erfaringar og kompetanse på læring i ei digital tid på tvers av heile fylket og alle skuleslag. Over 200 pedagogar, leiarar og personar med IKT-ansvar vert samla i Loen. Dette er ny deltakarrekord, og for første gong må vi stengje dørene for fleire deltakarar, med mindre det vert forfall.Teknologimeistring

Tema for den årlege samlinga er framtidas skule og barnehage. Allsidig pedagogisk og kreativ bruk av digitale verktøy blir formidla. Korleis utnytte digital teknologi for læring, og samstundes handtere dei utfordringane den fører med seg? Satsingar i fylket blir løfta fram, som korleis Gloppen ungdomsskule nyttar digitale hjelpemiddel i kvardagen, men også på eksamen. Høyanger skule fortel korleis ein kan starte kodeklubb, og går inn på alt frå finansiering, lokale og instruktørar til kontaktnett. Digitale kompetanse hjå leiarar, nasjonale satsingar som KS-Ung og erfaringar frå Trondheimsskulen står og på programmet.

Unikt samarbeid

IT-forum oppvekst og utdanning er eit unikt samarbeid på tvers av skuleslag, også i nasjonal samanheng. Sidan 2006 har vi arbeidd med å finne gode løysingar for digitalt samarbeid og samspel på tvers av alle skulesteg i fylket. ITFOU består av ressurspersonar innan IKT frå alle regionråda, fylkeskommunen, Fylkesmannen, høgskulen og Vestlandsforsking. Vi samarbeider med KS Sogn og Fjordane sitt skule- og barnehageutval, og den årlege konferansen er ein viktig arena for å dele gode erfaringar og døme.

Program og deltakaroversikt finn du her.

Om IT-forum

IT-forum Sogn og Fjordane blei etablert i 1995, og er eit breitt samarbeid og spleiselag som skal sikre at Sogn og Fjordane er i fremste rekkje i å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum utfører eit omfattande arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket.

Kontaktpersonar:

Randi Scheflo, leiar i arbeidsutvalet , Randi.Scheflo@sysikt.no, 958 21401

Øyvind Heimset Larsen, IT-forumsekretariatet Vestlandsforsking, ohl@vestforsk.no, 97106454