Ekspertar på big data og beredskap samla i Bergen

""

Vestlandsforsking samla denne veka forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Noreg i Bergen for å diskutere korleis big data kan brukast til å handtere naudsituasjonar.

Sjå for deg at krisealarmen går, og hjelpemannskapet nærast omgåande kan få opp informasjon om kvar det vil bli behov for hjelp dei neste timane. Kvar det var flest folk samla under eit jordskjelv, eller kvar det vil verte trafikkproblem etter eit ras. Det ville gjere hjelpearbeidet langt meir målretta og effektivt enn det er i dag, og er heilt realistisk om analysar av big data blir ein del av naudhjelpsarbeidet.

Dette jobbar big data-ekspertar med i det internasjonale prosjektet Big Data Emergency Management (BDEM) leia av Vestlandsforsking.

– Vi har samla ekspertar frå ulike forskingsområde for å utforske korleis ein kan gjere dette. Det handlar ikkje berre om å forstå big data, men også om etiske og juridiske spørsmål. Sensorar kan fange opp informasjon overalt, frå videoar folk publiserer til meldingar dei sender til kvarandre. Vi diskuterer både korleis vi kan bruke dette, og kvar dei etiske og juridiske grensene går, forklarer prosjektleiar Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking.

Treng hjelp til å føreseie framtida

Måndag 13. og tysdag 14. november var det arbeidsseminar for forskarar i BDEM-prosjektet. Seminaret var i regi av Vestlandsforsking, og vart arrangert på Universitetet i Bergen. UiB er ein av deltakarane i prosjektet.

Med på seminaret var også deltakarar som arbeider med beredskap på lokalt og internasjonalt nivå. Beredskapssjef Ivar Lunde i Bergen heldt innlegg om korleis kommunen jobbar med beredskap, mellom anna under sykkel-VM. Han forklarte at dei i beredskapsarbeidet prøver å føreseie kva som kan skje, både for å førebyggje uønskte hendingar og for å redusere konsekvensane om det faktisk skjer noko uønskt.

– Det er mykje uvisse når vi forsøker å føreseie framtida. Big data kan redusere denne uvissa og gje oss betre forståing av både årsakene og konsekvensane, sa han.

Også Gasper Bizjak frå Federation of the European Union Fire Officer Associations hadde forventningar til resultata av prosjektet.

– Vi veit at det er store mengder data der ute, men det er ingen kanal inn til kontrollrommet. Vi forventar at akademikarane kan utvikle ei løysing som kan hjelpe oss å tolke informasjonen, sa han.

Vil vere ein testlab

Det var også studentar med på seminaret, mellom anna Ingvild Fiskerstrand og Oda Elisa Nordberg som tek master i informasjonsvitskap ved UiB.

– Dette var veldig interessant for oss. Det er nettopp dette vi jobbar med, mellom anna prøver vi å unngå falske data og lage eit dashbord for krisehandtering. Som studentar visste vi ikkje om dette var relevant for dei som faktisk jobbar med krisehandtering, men det har vi fått stadfesta no, sa dei.

The Center for Information Convergence and Strategy (CICS) ved San Diego State University er ein av partnarane i prosjektet som jobbar med utvikling av slike løysingar.

– Dette prosjektet kan vere ein testlab som kan filtrere ut det som er nonsens og gje myndigheitene anbefalingar, så dei ikkje gjer feil investeringar, sa senterets partnardirektør Akshay Pottathil.

Skal utvikle kurs

Blant måla med prosjektet er å utvikle pensum for kurs i bruk av big data i krisesituasjonar.

– Prosjektet er allereie veldig vellukka, og ein god start på vegen mot utvikling av slike kurs, sa Xuan Song frå Center for Spatial Information Science ved University of Tokyo.

Song Guo ved Hong Kong Polytechnic University la til at prosjektet truleg vil resultere i fleire samarbeidsprosjekt. Partnarane i prosjektet har allereie diskutert nye høve for samarbeid.

Prosjektet Big Data Emergency Management (BDEM) har fått støtte frå Senter for internasjonalisering av utdanning og frå Forskningsrådets INTPART-program (Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning). INTPART skal bidra til å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg gjennom auka samarbeid med sterke fagmiljø og institusjonar i utvalde land.