Ny bok om klima og tilbakeslag

Hans Jakob Walnum og Carlo Aall ved Vestlandsforsking har vore redaktørar for eit internasjonalt bokprosjekt om tilbakeslagseffektar i energi- og klimapolitikken.

Boka "Rethinking energy and climate policy – New Perspectives on the Rebound Phenomenon" har bidrag skrive av 18 forfattarar frå 9 nasjonar. Walnum og Aall ved Vestlandsforsking har vore redaktørar saman med forskarar ved eit tysk universitet, Tilman Santarius Technical University Berlin.

Det er ei kjensgjerning at slike tiltak ikkje alltid har den ønska verknaden eller ikkje har stor nok effekt. Tekstane i boka handlar om grunnane til at ny teknologi, energisparing og utsleppskutt ikkje ser ut til å monne så mykje som dei var tenkt å gjere. Ein nøkkel til å forstå kva som går gale, er at menneske gjerne kan endre åtferd. Det same kan system, gjennom komplekse systemreaksjonar, og desse justeringane hjå folk og system kan minske effekten av tiltak i klima- og energipolitikken. Forfattarane av boka forklarar korleis «tilbakeslagseffektar», på engelsk «rebound effects», kan fungere.

Det er t.d. velkjent at energieffektivisering av ei teneste kan føre til auka forbruk av tenesta, slik at ein del av miljøgevinsten blir eten opp. Tradisjonelt har ein diskutert tilbakeslagseffektar gjennom ei energiøkonomisk forståing, som går ut på at pengane vi sparar, kan få oss til å bruke vara eller tenesta meir. Kanskje brukar vi òg innteninga på andre varer eller tenester.

Boka viser at ei tverrfagleg tilnærming til tilbakeslagseffektar må til for å få ei djupare forståing av kva som går gale. Kunnskapen denne boka legg fram, gir eit viktig innblikk i kvifor menneskeskapte klimautslepp ikkje går ned, trass i politiske tiltak og verkemiddel som prøver å oppnå utsleppsreduksjonar.

Lenkje til forlaget sin omtale: http://www.springer.com/us/book/9783319388052

Sjå også kronikk i BT: Spenner bein for seg selv