Salmar frå kjøkenet - biff, bil, bustad og Boeing

Dersom du var nøydd til å gjere hushaldninga di meir klimavenleg, kva tiltak ville du satse på? Dette er hovudspørsmålet i HOPE, eit nytt EU-prosjekt Vestlandsforsking er med i.

Idun A. Husabø:

- Kva ville du sjølv satse på, Marta?

- Eg ville nok gjere noko med oppvarming av huset mitt. Og kanskje eg måtte fly mindre, sjølv om det er fælt å tenkje på.

- Kva står prosjektnamnet “HOPE” for?

- Prosjektet heiter “Household Preferences for reducing greenhouse gas emissions in four European high income countries”. Dette med “preferences” handlar om korleis folk helst vil gå fram viss dei er nøydde til å redusere utsleppa frå hushaldet sitt. Enkelte vil kanskje gå over til å ta buss eller sykle meir, medan andre vil føretrekkje å gjere noko med maten – som å kjøpe kortreist mat, ete mindre raudt kjøt og kaste mindre. Kortnamnet «HOPE» har òg eit element av håp i seg, altså håp om at dette skal vi greie å få til!

- Kva er føremålet med forskingsprosjektet?

- Kort fortalt vil vi undersøke kva type klima- og miljøtiltak folk ønskjer å setje i verk i heimane sine, vel å merke dersom dei må gjere noko. Ein kan altså prøve å tenke seg at staten påla alle å halvere utsleppa sine av klimagassar. Og kva ville du byrje med dersom du måtte kutte ein eller annan stad? Det vil vi finne ut av.

- Kvifor er det viktig?

- På lang sikt legg klimapolitikken både i Noreg og EU opp til kraftige kutt i utslepp av klimagassar. Skal vi ha nokon som helst sjanse til å nå desse måla, må heile samfunnet bidra – også private hushald. Det betyr deg og meg!

- Og kva slags kutt er det folk kan gjere?

- Det vi kan sjå på, er kva vi et, korleis vi bur og byggjer, korleis vi reiser og sjølvsagt tinga vi skaffar oss. Det er vanleg å snakke om «biff, bil og bustad», dei tre B-ane. Men i dag flyr folk så mykje at ein må føye til ein ekstra B for «Boeing». Vi burde eigentleg òg snakke om det som på engelsk blir kalla «TTC», altså «ting og tang frå Kina». I dag skiftar vi nesten ut kjøkeninnreiinga vår like ofte som vi før skifta undertøy. Dessutan har bruken av fritidsutstyr eksplodert. Vi eig meir, og vi byter det ut oftare. Taparen er klimaet.

- Kor mykje må ein rekne med å kutte i heimen sin for at vi skal nå framtidas klimamål?

- Samfunnet må minimum halvere utsleppa viss vi skal oppfylle ambisjonane EU-kommisjonen har vedteke. Til no har klimapolitikken handla mest om å få industrien til å gå over til fornybar energi, medan dette prosjektet ser på private hushald – heimane våre. Og på eit eller anna tidspunkt blir nok politikarane nøydde til å sjå på korleis folk flest kan bidra.

- Kven er folka de skal intervjue om dette?

- Vi skal intervjue eit utval familiar i fire byar: Bergen, Umeå i Sverige, Mannheim i Tyskland og Aix-en-Provence i Frankrike. Dette gjer vi gjennom tre besøk. Først skal vi kartlegge kor store utslepp av klimagassar kvar heim står for. Så skal vi simulere kutt gjennom å drøfte ei liste over konkrete tiltak med dei. Til slutt skal vi ha eit oppfølgingsintervju der vi går litt djupare inn på tankane deira om klimakutt. Det er altså tankane og ønska deira vi er ute etter; hushalda skal ikkje måtte gjennomføre tiltaka i praksis.

- Og kven er forskarane?

- Det er eit breitt samansett team med sosiologar og statsvitarar, industrielle økologar og medisinarar. Dei som leier prosjektet er eit tysk helsefagleg miljø ved Universitetet i Heidelberg. Dei er spesielt interesserte i positive helseeffektar av klimakutt. I mange tilfelle heng dette i hop; viss du syklar meir og et mindre raudt kjøt, er det bra for både kroppen og klimaet.

- Kva skal kome ut av prosjektet?

- Dei som fattar avgjerder om klimapolitikken – politikarane i Noreg og EU – treng å vite kva slags klimatiltak som fungerer. Kanskje vil dei få seg ei overrasking eller to når det kjem fram kva folk faktisk er villige til å gjere.

Av Idun A. Husabø