Lokal kunnskap om naturrisiko er viktig i planarbeidet til kommunane
Det seier Halvor Dannevig i forsking.no i dag. Dette kjem fram av eit nyleg avslutta treårig prosjekt – «Arealplanlegging og beredskap for framtidas klima (Arealklim)».
Hovudformålet i forskingsprosjektet har vore å finne ut meir om korleis kommunar og fylkeskommunar kan bruke arealplanlegging aktivt for å førebygge klimarelaterte naturskadar. Prosjektet si målsetting har vore å styrke moglegheitene til å bruke lokal og regional arealplanlegging for å førebygge naturskade som følgje av vêrhendingar og klimaendringar.
Håvard Stensvand , fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, seier at prosjektet er viktig for å skapa auka medvit om risikofaktorane og har gitt relevant ny kunnskap for deira arbeid.
Sjå artikkelen i forsking.no: Dårleg planlegging skuld i naturskade