Tilpassingsfylket Sogn og Fjordane

Klimakonferansen i Florø blei avslutta med ein studietur frå Florø til Leikanger.

Den internasjonale konferansen om klimatilpassing i Florø blei 28. oktober avslutta med ein studietur frå Florø til Leikanger.

I samband med avslutningskonferansen til prosjektet Clim-ATIC arrangerte Vestlandsforsking ein studietur frå Florø til Leikanger med stoppestader som viser ulike døme på lokal klimatilpassing. 32 personar frå seks land deltok på studieturen.

Med eit vidt spenn av naturtypar og landskap, er Sogn og Fjordane eit godt laboratorium for å sjå på utslag av klimaendringar. Torsdag 28.oktober arrangerte Vestlandsforsking for første gong ein studietur gjennom "tilpassingsfylket" frå Florø til Leikanger via Fjærland. Undervegs fekk deltakarane høyre korleis klimaendringar kan kome til å påverke til næringar som oppdrett og reiseliv og kva typar tilpassing som er aktuell. I Førde orienterte to kommuneplanleggjarar om elveflaum og arealplanlegging i nye Hafstad bydel. Klimaendringar vil kunne føre til meir flaum og høgare havnivå, men er så langt ikkje teke med i kalkylane for kor høgt hus i bydelen bør liggje.

Ved Jølster skisenter fortalde dagleg leiar Stig Tveit om snømangel, utviding av bakken oppover i terrenget og produksjon av kunstig snø. I Kjøsnesfjorden var skredfare og samferdsle eit tema, og deltakarane fekk sjå tv-reportasjar frå uvêrsdagen i november 2004 då det gjekk kring 20 ras i Kjøsnesfjorden og 67 menneske sat fast i bilar på strekninga. Ved Bøyabreen tok guidane (Idun A. Husabø og Carlo Aall) opp følgjene av at brefrontar trekkjer seg tilbake og viste til breførarane i Briksdalen si vellukka omstilling til nye uteaktivitetar. I Suphelledalen fortalde Nils Paulsen om jökulhlaupet i mai 2004, då smeltevatn reiv med seg svære steinblokker ned frå Flatbreen. Raset gjorde stor skade på jordbruksland, øydela ein veg og var nær ved å ta liv.

I Sogndalsdalen fekk deltakarane høyre om arealplanlegging og korleis nedbør heng saman med jordskred. På Leikanger fekk deltakarane innblikk i ein lokalpolitisk diskusjon der klimatilpassing står mot utsleppskutt: jordvern sett opp mot fortetting for å redusere bilbruk. Stein Harald Hjeltnes i Njøs næringsutvikling fortalde om forsking på korleis klimaet kan påverke frukt- og bærdyrking. Deltakarane på turen fekk sjå eit prøvefelt for kiwidyrking og høyre korleis Marit Henjum Halsnes har dyrka vindruer på garden sin.