KS-prosjekt om klimaendringar og infrastruktur

Vestlandsforsking (prosjektleiar) har saman med SINTEF og Bjerknessenteret fått i oppdrag frå KS å utgreie kva konsekvensar klimaendringane kan få for kommunal og fylkeskommunal infrastruktur og å vurdere kva strategiar og tiltak kommunesektoren kan sette inn for å møte desse utfordringane.

Ambisjonane i prosjektet er å utvikle eit løysingsorientert kunnskapssystem for korleis kommune-Norge kan handtere utfordringar knytt til klimaendringar og infrastruktur. I alt fem temaområde vil bli dekt:

  1. Arealforvaltning
  2. Bygg
  3. Vassforsyning og avløpshandtering
  4. Transport og transportinfrastruktur
  5. Kraftoverføring og elektronisk kommunikasjon.

Arbeidet vil mellom anna gå ut på å systematisere eksisterande kunnskap, studere moglege konsekvensar av klimaendringar på kommunal infrastruktur basert på ulike klimaframskrivingar og vurdere samanhengar mellom konsekvensar og risiko og mellom samfunnsendring og klimaendring. Vidare skal vi peike på effektive klimatilpassingstiltak og vurdere forutsetningar og barrierer for kommunesektorens arbeid med klimatilpassing. Prosjektet skal gå ut dette året.

Prosjektgruppa har ei tverrfagleg samansetting, med deltakarar med både samfunnsvitskapleg, teknologisk og naturvitskapleg bakgrunn. Dei tre partnarane ser KS-prosjektet som ein viktig plattform for å vidareutvikle eit leiande nasjonalt nettverk innanfor temaet klimatilpassing og infrastruktur