Fredrikstad bur seg på klimaendringar: Første by i Noreg med eigen klimatilpassingsanalyse

Meir flom, stormflo og ras er noko av det Fredrikstad må vere førebudd på når klimaet endrar seg. Kommunen har i samarbeid med Vestlandsforsking gjort klar sin første tilpassingsstrategi.

Fleire gongar dei siste åra har kommunen ved utløpet av Glomma opplevd at kjellarar blir fylde med flomvatn og kloakk, og at stormfloa kryp over bryggene og inn i byen. Slike hendingar har fått Fredrikstad til å ville tilpasse seg betre til klimaet, både slik det er i dag og slik det kan bli når klimaet endrar seg i framtida.

- Desse erfaringane gjer at vi tek forskarane på alvor når dei reknar til at havet vil stige, nedbørsmengdene vil auke og at vi vil oppleve hyppigare stormar og oversvømmingar, sa ordførar Eva Kristin Andersen (FrP) til KS tidlegare i år.

Kommunen vil mellom anna ta omsyn til at stormfloa i løpet av dette hundreåret kan gå 2,5 meter over dagens normalnivå, godt over ein halvmeter meir enn ho gjer i dag. I tillegg har politikarane alt vedteke å investere meir i opprusting og utviding av avlaupsnettet i byen.  På sikt er målet at innbyggarane i Fredrikstad skal bli meir involvert i klimatilpassingsarbeidet, og kommunen vil gje folk råd om korleis dei kan tilpasse seg klimaendringane.

Globalt tema

Miljøvernrådgjevar i kommunen, Rolf Petter Heidenstrøm, understrekar at det er viktig å sjå lokalsamfunnet i samanheng med resten av verda.
- Det er viktig å hugse at handel og kommunikasjonar knyt verda stadig tettare saman. Vi veit at andre deler av verda er meir sårbare for klimaendringar enn det vi er. Dette kan vi kome til å merke vel så mykje som endringar i vêrmønsteret her i Fredrikstad, seier han.

For å få dette perspektivet med i klimatilpassingsarbeidet, har kommunen fått levert ei utgreiing frå Vestlandsforsking om kva norske kommunar kan merke av klimaendringar som skjer andre stader.

Klimatilpassingsarbeidet i Fredrikstad har vore ein del av prosjektet Lokal tilpassing og sårbarheit i Noreg (NORADAPT). NORADAPT er finansiert av Forskingsrådet, og blir leia av CICERO senter for klimaforskning og Vestlandsforsking. Åtte norske kommunar deltar og prøver ut ein metode for å analysere sårbarheit og lage ein tilpassingsstrategi. Meteorologisk institutt bidrar med klimascenario, medan professor Tor Selstad ved Østlandsforskning har levert samfunnsscenario for kommunane. Prosjektet varer fram til våren 2011.

Rapportar frå prosjektet:

Hva betyr klimaendringar andre steder i verden for en norsk kommune

Klimatilpasning i Fredrikstad

 

Pressemelding Fredrikstad kommune