Vindenergi som framtidsstrategi?

Om Klimabankprosjektet

Kvifor blir det ikkje satsa meir på vindkraft i Noreg? Kva for type vindkraftsatsing har størst potensiale til å gje verdiskaping dei næraste åra? Dette er spørsmål Vestlandsforsking har drøfta i ein ny rapport skriven for Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sjølv om vindkraftindustrien er ein av dei sterkast veksande industriane i verda, er dette ingen stor industri i Noreg. Dette heng saman med at Noreg alt har satsa mykje på ei anna fornybar energikjelde – vasskraft – og at det ikkje er trong for meir innanlands energi i Noreg. Difor er heller ikkje det offentleg rammeverket for vindkraftutbygging i Noreg slik vi ser i land som Danmark, Tyskland og Spania. Dette er land som importerer energi, og som har bygd ut mykje vindkraft som følgje av langsiktige støtteordningar for slik utbygging.

Gitt dagens rammeverk verkar det difor lite sannsynleg at vi får eit vesentleg større tal på vindmøller på land i Sogn og Fjordane, eller i Noreg, enn det vi har i dag. Likevel er det potensiale for næringsutvikling knytt til vindkraft i fylket, som leverandørindustri for eksport eller spesialisering i vindkraft til havs.

Studien er avgrensa til å drøfte moglegheiter for auka produksjon av vindkraft. Det blir ikkje tatt stilling til spørsmål som om vi faktisk treng meir energi, om vindkrafta vil erstatte eller kome i tillegg til annan energiproduksjon, eller kva for arealinngrep og lokale miljøproblem vindkraftindustrien kan kome til å føre med seg. Dette er også viktige spørsmål for rammeverket for utvikling av fornybar energi.

Rapporten er skriven av Erling Holden, Johannes Idsø, Otto Andersen og Ole Inge Gjerald, på oppdrag frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Arbeidet er ein del av prosjektet Klimabanken (2007-2010), der banken har hyra Vestlandsforsking til å produsere klimarelatert kunnskap.

Rapport for nedlasting: Klimabankprosjektet 2009 - vindenergi som framtidsstrategi?

Sjå også oppslag på nettsida til Sparebanken Sogn og Fjordane:

Vindkraft meir klimavennleg enn vasskraft

Vindkraft som økonomisk drivkraft?