Vestlandsforsking tek eigen medisin!
Vestlandsforsking har i mange år arbeida med evaluering av kvalitet på nettsider, både gjennom indikatorutvikling og praktisk evaluering i ettertid. Vi har delteke i arbeidet med evaluering av offentlege nettstader sidan starten i 2001 og det er vel ikkje meir enn rett og rimeleg at vi legg vår eigen nettstad under lupa. Resultatet av evalueringa er blanda, noko vi i stor grad visste på førehand. Det er rom for ein god del forbetringar, sjølv om heilskapen er relativt bra.
Dato:
15.11.2006
Vi valde å evaluera nettsidene våre etter indikatorsettet som vart brukt i Norge.no si undersøking Kvalitet 2007. Egil Jacobsen i Aletheia kommunikasjon har stått for evalueringa. Han var i si tid ansvarleg for den første kvalitetsevalueringa i 2001 - den gongen som tilsett i Statskonsult.
Resultat av evalueringa:
Detaljert resultat i eiga pdf-fil:
Resultat av evalueringa:
- Tilgjengelegheit: 14 av 31 oppnåelege poeng (45 %)
- Brukartilpassing: 21 av 34 poeng (62 %)
- Nyttig innhald: 12 av 28 poeng (43 %)
Detaljert resultat i eiga pdf-fil:
