Vestlandsforsking med i nytt forskingssenter for energi
Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane er blant dei som står bak eit nytt forskingssenter for fornybar energi - CenSES (Centre for Sustainable Energy Studies) som blei lansert fredag 3. april ved Universitet i Oslo. Senteret vil omfatte ca. 50 forskarar og stipendiatar frå Universitetet i Oslo, NTNU, SINTEF, Institutt for energiteknikk (IFE), Norges handelshøyskole (NHH), Samfunns- og næringslivsforskning AS, Høgskolen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.
CenSES blir eit samfunnsfagleg senter for energiforsking, som i hovudsak skal forske på;
- innovasjon og kommersialisering av nye fornybare energiteknologiar
- det offentlege si forståing og aksept for energiteknologiar og regime for berekraftig energibruk
- nasjonale og komparative studiar av politikk og praksis i forhold til utvikling og implementering av fornybar energi
- marknad og systemanalyse for ei meir effektiv utvikling og implementering av nye energiteknologiar
For meir informasjon om senteret ta kontakt med Erling Holden - tlf. 576 76 246/907 15 827