Rapport om klimatiltak i banknæringa

Meir om prosjektet

På oppdrag for Sparebanken Sogn og Fjordane har Vestlandsforsking gitt ut ein rapport om klimaarbeid i banknæringa. Rapporten tek føre seg bankane si rolle i klimaarbeidet, og samanliknar klimamåla til ei rekke bankar i Noreg og internasjonalt.

Rapporten, som er skriven av Johannes Idsø, gjer greie for kva for rolle bankane kan spele i klimaarbeidet, og kjem med konkrete døme på klimamål hos ulike bankar. I rapporten blir det først vist at bankane har ein nøkkelrolle i samfunnsutviklinga, og at dei med dette kan spele ei viktig rolle også i klimaarbeidet. Deretter gjev rapporten ein oversikt over klimastrategiane til bankar i Noreg, Europa og Nord-Amerika. Desse strategiane blir samanlikna med klimasatsinga til Sparebanken Sogn og Fjordane. Klimabankprosjektet til Sparebanken Sogn og Fjordane kjem godt ut samanlikna med tilsvarande satsingar i andre bankar.

Denne rapporten er gitt ut som ein del av eit treårig samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. I 2007 bestemte banken seg for å satse på klimaarbeid, og lanserte 10 bod til korleis dei skal engasjere seg i klimaspørsmålet. Vestlandsforsking er hyra inn til å hjelpe banken til å halde dei ti boda. Rolla til Vestlandsforsking er å bidra med rådgjeving og informasjon, og å gjere utgreiingar for banken. Johannes Idsø jobbar til dagleg som førstelektor ved avdeling for økonomi, leiing og reiseliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.