Aftenposten: Elendige nettsider i næringslivet

Aftenposten har eit oppslag om elendige nettsider i næringslivet og har intervjua mellom anna forskar Svein Ølnes.

Utgangspunktet for artikkelen er den amerikanske netteksperten Kristina Halvorson, som nyleg har vore på Norges-besøk. Ho hevdar at dei fleste bedrifter ikkje anar kva informasjon som ligg på nettsidene og at det trengst kraftige ryddejobbar og tydeleg ansvarsplassering.

Forskar Svein Ølnes viser til dei offentlege kvalitetsvurderingane og meiner at hovudproblemet ikkje er mengde, men dårleg organisering kombinert med elendige internsøk. Dei to tinga heng også nøye saman. Les heile artikkelen her.