KLIMATHON 19.-20. mars

""

God klimatilpassing – kva og korleis? Nokre svar vil vi få i løpet av dagane 19. - 20. mars.

Dei neste to dagane skal 80 deltakarar frå 21 norske kommunar – inkludert politikarar, fire fylkeskommunar, seks statlege etatar, seks konsulentselskap og heile åtte sentrale forskingsmiljø – bruke to heile dagar på å skissere gode klimatilpassings-løysingar. Frå Vestlandsforsking deltek Carlo Aall, Torunn G. Hønsi og trainee Tone Rusdal.

– Klimathon er ei nyskapande tilnærming til klimatilpassing som stiller krav til deltakarane. Vi skal saman utarbeide løysingsframlegg til sentrale utfordringar for klimatilpassing, fortel Rusdal.

Klimaton blir no arrangert for andre gang, av NORCE, Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, CET-senteret/Bjerknessenteret ved UiB og Vestlandsforsking.

Arbeidsforma krev at personar med ulik fagleg bakgrunn, varierande institusjonstilhøyring og ulike erfaringar samarbeider om å byggje ny kunnskap om kva som skal til for å takle klima-utfordringar no og i framtida. I år fokusera arrangementet på fire tema:

  • Heilskapleg styring/leiing
  • Vatn
  • Samfunnssikkerheit
  • Natur/landbruk/kulturminner

Arbeidsmetodikken er eksperimentell og utforskande, og er tydeleg inspirert av IT-bransjens "hackathons". Deltakarane vil trekke vekslar på eigne erfaringar, offentlege ressursar og innsikt frå forsking på klimafeltet. Dei skal ikkje berre diskutere mulige løysingar, vi stiller også krav til at dei faktisk skal delast, synliggjerast og presenterast opent.

Andre dagen legg deltakarane fram resultata sine i ein eigen postersesjon. Denne finn stad i Aulaen ved Universitetet i Bergen kl. 12.45 – 15.00 onsdag 20. mars, og er open for alle interesserte.

Les meir på Klimathon si heimeside her.