Bestill ein forskar – vi tilbyr gratis føredrag!

Agnes, Malin og Kristin
Desse tre, alle seniorforskarar med doktorgrad, vil gjerne snakke om forskingstemaet sitt. Frå venstre: Agnes Brudvik Engeset, Malin Waage og Kristin Løseth. Foto: Idun A. Husabø

Har arbeidsplassen din lyst på eit lunsjforedrag, eit fagleg innslag på personalmøtet eller ei innleiing til ein diskusjon ein gong i haust? Då kan du bestille føredrag frå ein av desse tre forskarane frå Vestlandsforsking.

Kan klimaendringane gjere fjellet farlegare? Korleis kan bedrifter bruke kunstig intelligens? Og kan kulturarv bidra til betre lokalsamfunn? Desse spørsmåla kan du få svar på ved å bestille ein av forskarane Vestlandsforsking låner ut under Forskingsdagane: Kristin Løseth, Malin Waage eller Agnes Brudvik Engeset.

Forskingsdagane er ein årleg, landsdekkande forskingsfestival med mål om å vekke begeistring og skape forståing for forsking. Bestill ein forskar går ut på at arbeidsplassar, foreiningar og klubbar kan ta kontakt for å låne ein forskar som kjem og held eit føredrag på eit avtalt tidspunkt. Det er heilt gratis å få forskaren på besøk.

Vestlandsforsking har tilbydd dette fleire gonger før, i tillegg til andre formidlingsaktivitetar, som Speedforsking ved Høgskulen på Vestlandet eller Vitenkveld ved ViteMeir, der poenget er å formulere seg enkelt, konsist og engasjert om det ein forskar på.

- Vi kan alltid bli flinkare til å snakke om forskinga vår ute i samfunnet. Forskingsdagane byr på eit høve til å dele forskingsresultat og tankar med folk utanfor akademia. Vi håpar mange vil gripe sjansen til å bestille Malin, Agnes og Kristin, seier Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking.

Malin Waage: Kva kan bedrifter bruke kunstig intelligens til? Kor skal dei byrje?

Kva har skjedd innan kunstig intelligens de siste året? Kva er typiske fordelar med å ta i bruk kunstig intelligens for bedrifter, til dømes i Sogn? Korleis kan bedriftene gå i gang – kvar skal dei byrje, og  kva må dei tenke på? Malin Waage tek for seg spørsmål av denne typen og gir eit innblikk i kva som skjer når det gjeld kunstig intelligens, også kalla KI, i ulike sektorar.   

Malin Waage har arbeidd ved Vestlandsforsking i eitt år og har ein doktorgrad i geovitskap frå Universitetet i Tromsø. Slik mange andre vil måtte i framtida, har Malin skifta forskingsfokus frå meir tradisjonell datautforsking og analyse (av seismiske og andre geologiske data) mot KI-basert metodikk på tvers av ulike fagfelt. Gjennom forskingsprosjektet Teknoløft, som mellom anna skal hjelpe regionale bedrifter til å ta i bruk KI-løysingar, har ho samarbeidd med Sognekraft om å ta i bruk en KI-basert tilsigsprognose for at dei skal kunne planlegge kraftproduksjon sin betre.

Kristin Løseth: Kan klimaendringane gjere fjellet farlegare for oss?

Klimaendringane fører med seg meir ekstremvêr og smeltande brear, fonner og permafrost – endringar som merkast særleg godt i høgfjellet. Dette fører med seg auka risiko for steinsprang, skred og flaumproblematikk, gjerne på nye stader og til uvante tider på året.

Farlegare fjell
Fjellet endrar seg på grunn av klimaendringane, til dømes ved at turgåarar møter mindre snø i sommarmånadene. Men blir det òg farlegare for oss? Foto: Halvor Dannevig

Samtidig er naturen vår populær som aldri før, både blant norske og utanlandske turistar. Blant dei som no går i fjella, finst det mange som har lite kompetanse på å ferdast ute. I større grad enn før, flokkar folk seg òg kring populære naturattraksjonar der sosiale medium lokkar med fine bilete, men seier lite om sikkerheit.

Dette er endringsprosessar Vestlandsforsking har arbeidd med gjennom fleire ulike prosjekt dei siste åra. Kristin Løseth har doktorgrad innan naturbasert reiseliv. Ho ser nærare på kva endringane betyr for tryggleiken for dei som ferdast i naturen og tek for seg kva slags tiltak ein kan setje i verk for å minske faren for uønskte hendingar.

Agnes Brudvik Engeset: Korleis kan kulturarv bidra til bulyst og trivsel?

Kva kan eit friluftsmuseum, ei stavkyrkje eller eit kulturlandskap frå gamle dagars gardsdrift bety for trivselen til dei fastbuande? Kan kulturarv bidra til at nytilflytte frå inn- og utland slår røter i bygda og blir verande? I lag med Sogndal kommune, De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum og Kaupanger Hovedgård skal Vestlandsforsking undersøke korleis innbyggarar og turistar opplever ulike kulturattraksjonar på Kaupanger. Reiselivsforskar og kulturhistorikar Agnes Brudvik Engeset vil òg sjå nærare kva rolle kulturarv kan spele for trivsel og bulyst i eit lokalsamfunn.

Agnes Brudvik Engeset har arbeidd ved Vestlandsforsking sidan 2008 og har ein doktorgrad i distriktsreiseliv frå 2021. Ho har arbeidd med ulike prosjekt innan klima og reiseliv, i tillegg til natur- og kulturbasert reiseliv, og leier no eit prosjekt om berekraftige besøksopplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur på Kaupanger.

 

Vil du bestille eit føredrag? Då er det berre å kontakt med oss! (Du kan anten sende forskarane eller kommunikasjonsansvarleg ein e-post. Sjå lenker i teksten og høgremargen!)