Idun A.
Husabø
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
M.Sc.
Telefon:
Tilsett:
2006

Idun A. Husabø har graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London, med spesielt fokus på Kina. Ho er frå før cand.mag. i samfunnsvitskap med faga samanliknande politikk, historie og engelsk frå Universitetet i Bergen, og har i tillegg faget Conflict, Mediation and Dialogue frå Høgskolen i Oslo.

Idun vart tilsett hausten 2006. Ho har arbeidd som journalist i NRK og har vore i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I åra 2011-14 var Husabø seniorrådgjevar i Kompetansesenter for distriktsutvikling, eit uavhengig, fagleg forvaltingsorgan under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho har forfatta bøkene «Kjartan Slettemark – kunsten å falle» (Skald, 2009) og «Balestrand» (Skald, 2011).

Idun forskar på lokal klimatilpassing og samfunnstryggleik. I fleire prosjekt knytt til klimatilpassing arbeider ho i skjeringspunktet mellom fag og formidling. Husabø har til dømes forfatta populærvitskaplege artiklar til den statlege portalen Klimatilpasning.no, både for Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i 2007-8 og i samband med Miljødirektoratet si nylansering av portalen i 2016. Husabø er elles leiar for Klimaverktøy-prosjektet, som utviklar ei digital løysing for risiko- og sårbarheitsanalysar med vekt på korleis klimaendringane verkar inn. Deltakarane er forvaltning, forsking, høgare utdanning, med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som ein viktig samarbeidspart. Målet er å utvikle tekstgrunnlaget for eit verktøy som alle norske kommunar får nytte av og ein demo av løysinga.

Sidan 2014 har Husabø òg arbeidd med forskingsformidling, både for Høgskulen i Sogn og Fjordane og for fleire forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking, t.d. AcidCoast, som dreier seg om havforsuring og forvaltning. Også etter høgskulefusjonen i 2017, utfører Husabø forskingsformidling og kommunikasjonsarbeid, no for Høgskulen på Vestlandet (Sogndal og Førde).

Publikasjonar:
Prosjekt: