Regional utvikling

Vestlandsforsking har sidan 1985 forska på tema, tenester og næringar som er viktige for utviklinga av fylket. Regional utvikling vert til i eit samspel mellom politikk, næringsliv og forsking og utdanning. Omstilling i teneste- og produktutvikling er sentralt og ofte bygd på nytenking knytt til miljø- og naturressursane fylket er så rikt på. Menneska i regionen er sentrale, med sin kompetanse, si arbeidskraft, sin kultur og identitet. Næringsutvikling, tenesteutvikling, innovasjon, stadutvikling og demografi er tett samanvevde.

Vestlandsforsking deltek i utviklingsprosessar og nettverk, gjer evalueringar og analyserer føresetnader og ringverknader. Vi har særleg bidrege med kunnskap knytt til regionale IKT-satsingar, og då ofte utvikla læring basert på regionale, nasjonale og internasjonale samarbeid.
 

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Kvinne i møterom, snakkar til deltakarar

    IT-forum Vest og Vestlandsforsking inviterer til ein ny og utvida IT-konferanse i lag med samarbeidspartar i næringsliv og offentleg sektor. – Dette er ein tradisjonsrik konferanse som har hatt ein pause. Akkurat som organisasjonen har konferansen no eit breiare nedslagsfelt, seier forskar Øyvind Heimset Larsen. – Skal vi vere gode på teknologi, ser vi at vi må jobbe saman, seier organisator Anne Mette Hjelle.

  • Middelaldrande mann med briller og vanlege klede står i trapp i eit moderne høgskulebygg

    – Dei siste åra har pedagogane i større grad innteke førarsetet, seier Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking om IKT i opplæring og utdanning. På neste utgåve av konferansen, som av omsyn til smittevern er utsett til mars 2022, legg IT-forum Vest vekt på å vise fram dei gode døma på bruk av IKT i sektoren.

  • Foto frå utstillinga Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

    Vestlandsforsking var i januar på matfestivalen Grüne Woche i Berlin saman med folk frå mat- og reiselivsverksemder, lokal næringsutvikling og FoU-sektoren i Sogn. I studieturen ligg kimen til eit samarbeid som vil kreve kunnskapsbygging og innovasjon i åra framover.

  • Modellbilde av ViteMeir

    Vestlandforsking har oppretta ei eiga arbeidsgruppe av forskarar som skal bidra med utvikling av faginnhald ved det nye vitensenteret på Kaupanger.
    – Forskarane her arbeider med mange tema som er både høgst aktuelle og egna for innstallasjonar og praktiske opplevingar hjå ViteMeir, seier direktør Anders-Johan Almås.