Utfordringar, barrierar og forbetringar for tolketenester i Sogn og Fjordane

Rapport
Id:
2017-8

Denne rapporten oppsummerer resultat frå ei kartlegging av bruk av tolketenester i tre utvalde kommunar i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for arbeidet er lokale og regionale erfaringar samt nasjonale rapportar som viser at tolketenestene er av svært varierande kvalitet. Kartlegginga vart gjennomført etter oppdrag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Resultata frå intervjua viser at det er stor einigheit om at tolketenestene er svært variable i kvalitet. Nokre tolkar held høg kvalitet og gjer godt arbeid, men alle som har blitt intervjua i samband med denne kartlegginga fortel om negative opplevingar med tolkar. Dei har opplever at tolkane ikkje er merksame gjennom samtalen, driv med andre ting samtidig og heller ikkje sit i eigna rom, slik kravet er. Kvalifikasjonane til tolkane er også ukjend for brukarane i dei fleste tilfelle.

Lokal tolkeutdanning blir sett på som eit positivt forslag, og fagspesifikk tolkeopplæring er ønska av fleire. I forhold til bruk av videoteknologi som eit alternativ til telefon er det stor usemje. Nokre er svært positive, medan andre er totalt avvisande til å ta i bruk slik teknologi.

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium