Artikkel
Id:
2003

Artikkelen omtalar bruk av søkemotor i ein tematisk portal. Til menyval i tenesta er det knytt eit avansert søk.Vi skisserer det teoretiske grunnlaget for ei slik teneste, og refererer resultata av forsøk som har vorte gjort for LivsIT – ein inngang til offentleg informasjon på Internett strukturert etter ”livssituasjonar”. Forsøka viser at viss ein etablerer tematisk avgrensa kolleksjonar av vevtenester og avgrensar søket til desse, kan ein konstruera avanserte søk som gir relevante resultat. Vi skisserer til slutt ein metode for etablering av slike tenester.

NOKOBIT 2003, Oslo