Satsing eller avvikling? Ei gransking av produksjon, omsetning og marknad for eple frå Sogn og Fjordane. Samarbeidsprosjekt med Planteforsk

Rapport
Id:
rapport 2000-4

Det er ei positiv haldning til norske eple i grossist- og detaljistleddet ut frå ei registrert interesse hos forbrukarane. Skal næringa klare å oppretthalde denne stillinga må norsk fruktproduksjon, ikkje minst i Sogn og Fjordane, tilpasse seg marknaden i større grad.

Næringa klarer i dag ikkje å tilfredsstille dei krav og forventningar marknaden har: store volum av attraktive sortar med einsarta kvalitet levert til rett tid. Fruktnæringa i fylket har ein struktur med mykje seine eplesortar kombinert med pære og lite tidlegfrukt som forsterkar dei ulempene rammevilkåra set med fri import frå 1. desember og marginale klimatiske tilhøve. Det er trong for meir tidlegeple på plassar med gode klimatiske tilhøve.

Samstundes bør fruktnæringa i Sogn og Fjordane, som av klimatiske årsaker alltid vil måtte ha ein stor del seine sortar, leggje vekt på kvalitetssikring for sal av eple i desember. Det ligg særleg godt til rette for sal av juleeple i Bergens-marknaden. Detaljist og grossist bør i større grad enn hittil utvikle strategiar og tiltak for å auke fokus på norske eple i butikk både gjennom eksponering og informasjon. Norske eple sin smak må fokuserast, og det er trong for utvikling av nye pakning- og emballasjetypar. Skal ein klare å oppretthalde og helst forsterke forbrukarane si interesse for norske eple, må ein ha eit kontinuerleg arbeid for å forbetre kvaliteten, særleg tidleg i sesongen.

Produsentane i fylket kan bidra til dette ved nyplanting, god tynning og sommarskjering. Primærproduksjonen bør effektiviserast med meir intensive dyrkingssystem, og auke i areal hos den einskilde dyrkar. Det er viktig for lønsemda i næringa i Sogn og Fjordane at ein får større avlingar av klasse I-eple, og at det vert planta sortar som marknaden ynskjer. Tiltak for å auke produksjonsvolumet totalt bør setjast inn så snart som råd for å leggje til rette for meir effektiv sortering og pakking. Både dyrkarar og  fruktlagra bør effektivisere varestraumen med raskare hausting, inntransport, pakking og sal. Fruktlagerstrukturen bør endrast, både med omsyn til effektivitet, jamnare kvalitet, større kapasitet og betre leveringstryggleik for å gjere leveranse av eple frå Sogn og Fjordane meir attraktivt for grossist.