Å gjere Sognefjorden synleg på Internett - Oppsummering

Notat
Id:
2005-17

Dette er ei oppsummering av tiltak for å gjera tenesta sognefjord.no og underliggjande tenester meir synlege på Internett. Tidlegare notat er supplerte med oppdatert statistikk og og nye tiltak.

Sognefjord.no har hatt ein kraftig vekst i brukarar sidan starten i 2004. Trafikken er 6-dobla frå januar 2004 til juli 2005 som er den månaden med mest trafikk så langt. Den viktigaste forklaringa på trafikkauken er det storstila lenkearbeidet som vart sett i gang mot slutten av 2004, samt effektar av eit målmedvite arbeid for å gjera tenesta betre synleg på nettet.